NRK Meny
Normal

Listhaug vil la bønder selje alkohol

Om landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (FrP) får det slik ho vil, skal gardar få alkoholutsal.

Landbruksminister Sylvi Listhaug

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug vil tillate alkoholsal frå gardar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

I høve den store mat- og reiselivsmessa «Grüne Woche» i Berlin kunne Sylvi Listhaug torsdag kveld røpe at det blir jobba med at bønder skal kunne selje alkohol til turistar og andre besøkande.

– Eg håper vi skal greie å gjennomføre dette i løpet av 2015, seier Sylvi Listhaug til VG .

– Spanande moglegheiter

Men først skal regjeringa sitt forslag ut på høyring. Forslaget går ut på å legge til rette for alkoholsal direkte frå norske nisjeprodukt .

Om forslaget går gjennom skal nisjeprodusentar kunne selje alkoholhaldig fruktsider på over 4,7 volumprosent allereie i løpet av året.

– Ei opning for nisjesal av desse produkta vil kunne gi gode og spanande moglegheiter for produktutvikling og innovasjonar i Noreg, seier Listhaug til VG.

I mange europeiske land er det lov å selje vin og sprit direkte frå gardar, og ein kan smake på vinen eller spriten når ein besøkjer ein produsent.

Les også:

Smutthol

I Noreg er det no er berre Vinmonopolet og taxfree-butikkar som kan selje alkohol sterkare enn 4,7 prosent.

Ifølgje Landbruks- og matdepartementet opnar eit «smutthol» i lova for at siderprodusentar kan selje alkoholhaldige varer på over 4,7 volumprosent som ikkje er omfatta av EØS-avtalen.

Det vil seie eplesider, pæresider og andre gjæra drikker basert på frukt og bær, men også ølliknande drikker basert på andre råvarer enn malt.