Anne Marit Steinshamn
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Lever draumen på Ona

Heilt ytst på Romsdalskysten ligg øya Ona. Trass i at det vesle øysamfunnet berre har i underkant av 20 fastbuande, er det likevel mykje aktivitet på øya.

Omgitt av sjø på alle kantar ligg fiskeværet Ona. Einaste veg til og frå øya er med båt eller ei ferje som berre går nokre gonger i døgnet. Når du ser øya på avstand ser det nesten ut som eit postkortbilde. Det første du ser når du nærmar øya er Ona fyr omgitt av mange fargerike hus som står tett i tett. I nokre av dei bur det framleis folk, men mange av husa er fråflytta eller blir berre brukt delar av året.

På kaia står folk og ventar på ferja. Dei skal ta dagens siste ferje tilbake til fastlandet etter ein dag med utforsking på Ona. Og i det ferja forlèt kaia senkar det seg ei underleg ro over øya. Ser du vekk frå lyden av bølger og yrande fugleliv, er det omtrent heilt stille. Kanskje føler du også ei ro der du står. Ei ro som kom allereie på den spektakulære ferjeturen til Ona. Det er ingen bilar eller folk som hastar forbi og det er lenge til neste ferje. Det er med andre ord ingenting å stresse med. Overalt er ein omgitt av historie og flott natur. Det er rett og slett noko magisk med denne øya ytst i havet. Men korleis er livet eigentleg på Ona?

For trass i stillheita er det likevel mykje som skjer på øya. Eit lite steinkast frå kaia ligg keramikkverkstaden og utsalet til Anne Marit Steinshamn. Etter ein travel dag med fleire kundar og besøkande sit ho no i verkstaden og festar hanken på ein kopp. Det kan fort ta 14 dagar frå ho startar på noko til det er klart. Det ligg med andre ord mykje kjærleik i dei ferdige produkta.

– Dette er den perfekte jobben dersom ein er skapande eller føler ein trong til å skape noko. Eg har leiren som eg synest er spennande og eg er heldig som har fått gjennomføre det eg drøymde om, seier ho.

Starta for seg sjølv

Steinshamn, som vaks opp på Stord, kom til Ona for første gong på 1970-talet. Det var lyst ut ei lærarstilling ved skulen på øya og slektningar som budde på naboøya oppfordra henne til å søke.

– Dei visste kor godt eg likte meg ute med havet, fortel ho medan ho festar ein hank på neste kopp.

Etter eit år på Ona reiste Steinshamn frå øya, men det tok ikkje lang tid før ho kom tilbake igjen. Der møtte ho ektemannen og blei etter kvart verande. Ho hadde heldt på med leire då ho gjekk på folkehøgskule, og då dei starta opp ei keramikkgruppe på Ona på 1980-talet var ho rask å melde seg på.

– Det var kjempegøy. Vi var mange i lag og alle prøvde og feila, så då slapp vi å gjere alle feila sjølv. Den gruppa varte i ti år, og etter det var vi to som starta for oss sjølv, seier ho.

Anne Marit Steinshamn keramikkverkstad

Steinshamn lagar alt frå krus og fat til vasar og lysestakar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Mykje aktivitet

Anne Marit Steinshamn

Anne Marit Steinshamn har både keramikkverkstad og utsal på Ona.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Sidan har det gått slag i slag. Etter kvart bygde ho seg ein verkstad like ved kaia, der ho hadde også hadde plass til eit utsal. Koppar, lysestakar, skåler og ulike pyntegjenstandar i forskjellige fargar pregar lokalet. Nokre ting er ferdige, medan andre er under arbeid.

Og så kan ein jo sjølvsagt spørje seg sjølv. Kor lønsamt kan det eigentleg vere å selje keramikk på ei øy med i underkant av 20 fastbuande?

– Det går veldig fint. På vinterhalvåret er det gjerne lite folk som er innom og då har ein god tid til å produsere og finne ei god arbeidsrytme. På sommaren er det mykje kundar. Folk tenker gjerne at dette er siste utpost og at dei aldri kjem hit igjen, så då vil dei gjerne ha med seg eit minne, seier Steinshamn.

Ifølgje henne er det mykje aktivitet også elles på øya. I tillegg til keramikkverkstaden er det også andre som har starta opp små bedrifter på Ona. Museum, galleri og strikkebutikk er noko av det ein kan besøke.

– Kva er det som gjer at ein kan lukkast med slike ting her ute?

– Eg trur folk har blitt meir nysgjerrige på småplassar rundt om kring i landet. Det har jo blitt eit mål å kome så langt som mogleg.

Anne Marit Steinshamn keramikkverkstad
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Innflyttaren

Går ein over brua som bind saman Ona med Husøya er det også mykje å sjå. Husa ligg ikkje like tett på denne delen av øya, men også her står fleire av husa tomme. Heime hos Hilde Sørmoen er det derimot stor aktivitet.

Hilde Sørmoen

Her står Hilde utanfor Steffågarden. Ho har ofte omvisingar i huset.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ona er kanskje øya der draumar blir til verkelegheit. I alle fall om ein skal tru nokre av innbyggarane. For då Sørmoen flytta frå Odnes i Oppland til Ona for to og eit halvt år sidan var det ein draum som gjekk i oppfylling.

– Eg har alltid ønska meg til Ona, og når det vart eit hus til sals så greip eg sjansen. Eg har ikkje angra ein einaste dag.

No er ho godt i gang med å pusse opp huset der ho bur, og håper etter kvart å kunne drive med utleie.

– Det trengst fleire overnattingsplassar for turistar her ute, så eg tenkte å leie ut delar av huset, fortel ho.

Mykje historie

Trass i at Sørmoen er frå Oppland er ho likevel ikkje ukjent med livet på Ona. Mora hennar er frå øya, men flytta derifrå på 1950-talet. Eit lite steinkast frå huset til Sørmoen ligg også den gamle familiegarden. Steffågarden, som no er verna og blir drifta av Romsdalsmuseet, er eit eksempel på dei små kombinasjonsbruka på øyane utanfor Romsdalskysten. Det er no eit museum og Sørmoen har ofte omvisingar på garden.

STEFFÅGARDEN

Steffågarden er familiegarden til Hilde Sørmoen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg har hatt alle barndomens somrar her ute. For oss som bur her er det paradis. Det er stillheita, godt samhald og gode naboar når dei er her.

Men Sørmoen er ikkje den einaste i familien sin som har følt på draumen om eit hus på Ona. Broren hennar har tatt over huset til bestefaren deira og er også i full gang med å pusse det opp.

– Han er her ganske ofte. No har han vore her omtrent anna kvar veke. Han reiser heilt frå Hamar så det tek nokre timar, men det er verdt det. Når du berre kjem på ferja så senkar roa seg. Du kan ikkje gjere noko anna enn å sitte der og nyte turen utover. Her kan vi nyte livet og kaste klokka om vi vil.

Ona fyr

Den vesle øya Ona ligg yttarst på Romsdalskysten.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Feriegjesten

Oddny Vasdal

Kunstnaren Oddny Vassdal opna galleri på øya.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Sjølv om det ikkje er mange fastbuande igjen på Ona er det likevel mange som har feriehus på øya. Desse feriegjestane er også ein stor del av fellesskapet på øya, og bidreg til å skape liv og røre i lokalsamfunnet. Mange av dei er også med på vedlikehalde og ta vare på husa på øya.

Ein av dei er Oddny Vasdal frå Aukra. Ho og ektemannen kjøpte eit hus på Ona i 1997 og brukar store delar av året i feriehuset sitt. Vasdal, som er kunstnar, let seg i stor grad inspirere av omgivnadane på øya.

– Det er veldig flotte fargar her ute, seier ho medan ho viser fram eit bilete av eit fyr.

I dag har Vasdal både atelier og galleri i kjellaren på sommarhuset. Men slik har det ikkje alltid vore.

– Eg hadde sete så mykje i kjellaren og produsert bilde, og så sa mannen min: «kva skal du gjere med alle desse bilda?». Det var ein fin sommardag så eg sette opp eit skilt om at det var opent, og då byrja det å kome folk som ville kjøpe bilde. Då tenkte eg at her kan eg ha eit galleri, seier ho med eit smil.

Og slik vart det. På veggane heng det både store og små bilde. Nokre er meir humoristiske og har kattar eller sjiraffar som motiv, medan andre er naturbilete. Fargane er sterke og glir perfekt inn i omgivnadane på Ona. På pulten ligg ein halvferdig akvarell inspirert av nærmiljøet. Vasdal fortel at ein får god tid til å slappe av og finne roa på øya, men ho meiner likevel ikkje at livet går saktare der enn andre stadar.

– Nei, ikkje får min del. Eg har mange jern i elden så det er mykje eg skal gjere når eg først er her, seier ho lattermild.

Ona fyr

Det bur i underkant av 20 fastbuande på Ona og mange av husa står tomme store delar av året. Men det er også mange som har feriehus på øya og desse blir flittig brukt.

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.