Hopp til innhold

Fleire juksar for å få trimpoeng: Køyrer fram til måla

Iveren etter å samle trimpoeng har blitt ein farsott landet rundt. Men nokre stader har enkelte begynt å ta snarvegar.

Kåre Bjerkan registrerer trimpoeng for eit mål på Inderøy.

FLEIRE JUKSAR: Fleire køyrer omtrent heilt opp til målet for å få registrert trimpoeng i appen til InderøyTur.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Det er vel litt juks, det må eg seie.

Det seier trimentusiast Hilde Gran om dei som brukar bilen framfor beina for å sanke poeng i den lokale trimkonkurransen.

Sjølv synest ho det er ein fin måte å bli kjent i nærområdet til fots.

– Me blir kjent med naturen på heile Inderøy.

Hilde Gran

Trimentusiast Hilde Gran synes ikkje noko om at folk bruker bilen for å sanke poeng.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Og ho er ikkje aleine om å meine at det er dumt at enkelte juksar.

Tilrettelagd for rullestol

Initiativtakar til InderøyTur, Kåre Bjerkan, meiner det ikkje er bra når bilistar køyrer til trimmåla.

På ei av dei mest populære turløypene på Inderøy, som er tilrettelagd for rullestol, har fleire tatt seg fram til målet med bil.

– Me vil jo ikkje at folk køyrer på der me har tilrettelagt for rullestol, seier Bjerkan.

Les også Sturla (81) måtte reddast då båten sokk: – Huff, det er trist å ikkje ha båt 

Sturla sitter på bauen på båten som synker

I tillegg tar enkelte seg over avlingsvegar med bilen for å sanke poeng.

– Det er i konflikt med landbruket. Det er me ikkje noko glad for, legg initiativtakaren til.

Kåre Bjerkan går på tur langs ein grusveg på Inderøy.

Kåre Bjerkan seier at dei ikkje vil at folk køyrer med bil på turvegen som er tilrettelagd for rullestol.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Går over stokk og stein

– Vi har så pass mange konkurransar at av og til skjer det ting. Men det er sjeldan vi høyrer om sånt.

Det seier Sven Martin Olsen, dagleg leiar i Trimpoeng. Han har ikkje høyrt om at nokon har brukt turløyper for å køyre rett fram til måla.

– Timpoeng får mange ut på tur, men nokre gonger går det over stokk og stein.

Systemet for turkonkurransar har sidan 2016 fått 190 aktive konkurransar. No er det høgsesong.

– Det er ikkje lenge sidan vi feira 1 million innsjekkar. No er vi over 13 millionar. No forventar vi ein like bra sesong som i fjor.

Les også Nå sliter mange med «værsyke»: – Jeg vil bare ligge inne hele dagen

Splitt bilde. Oler Olaussen og Mikkel Angelo.

La ut «vaksenkjeft»

Både på Facebook-sida til InderøyTur og Ti på topp Steinkjer har bilkøyringa til turgåarane blitt kommentert.

Dette var det Trønder-Avisa som fyrst omtalte.

InderøyTur kallar bilkøyringa inn mot turmåla som ein uvane hos enkelte poengsankarar.

Her fortel dei at grunneigarar har irritert seg over at folk køyrer og parkerer på avlingsvegane deira.

Ti på topp Steinkjer ber folk halde seg for gode for å køyre nærare turmålet og la ut litt «vaksenkjeft» for å få slutt på dette.

Dei minner om at dårleg vêr ikkje er noko grunn til å bruke bilen på tur – me er trass alt vasstette.

Likevel vil ikkje Bjerkan legge seg opp i kva som motivasjonen for å sanke poeng, anten det er til fots eller i bil.

– Eigentleg så er me ikkje så streng på det viss ikkje det er til hinder for andre ting. Folk må leggje dette opp litt etter eige føremål, legg Bjerkan til.

Les også Nei da, statsministeren er ikke malt av Vincent van Gogh

Jonas Gahr Støre står foran et KI-generert maleri av seg selv.