Hopp til innhold

Reinsekrav kan gi gebyr-eksplosjon

Vasskvaliteten i havet utanfor er god. Likevel kan Karmøy bli nøydd til å bygge seks store reinseanlegg om nye EU-krav blir vedtatt. Innbyggarane får rekninga.

Siw Anita Thorsen (t.v) og Elin Olsgård fra Karmøy kommune ved anleggsområdet til det nye renseanlegget som nå bygges i Åkrehamn på vestsiden av Karmøy.

Nye reinseanlegg fører til naturinngrep. Her i Åkrehamn bygg Karmøy kommune no eit nytt reinseanlegg. Men krava i eit nytt EU-direktiv gjer at det kan måtte byggast om straks det er ferdig bygd.

Foto: Thomas Halleland / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Her kjem det nye reinseanlegget, seier sektorsjef Siw Anita Thorsen i Karmøy kommune.

Saman med overingeniør Elin Olsgård står ho i Åkrehamn på vestsida av Karmøy med Nordsjøen rett utanfor.

Anlegget er ein del av hovudplanen for vatn og avløp for åra framover. Den inneber å samle 72 mindre kloakkutslepp i kommunen til 13 litt større, og reinse dei mellom anna her i Åkrehamn.

Det nye anlegget skal kunne reinse kloakken frå 15.000 personar. Det skal dekke både Åkra og plassane rundt.

I tillegg planlegg kommunen å bygge eitt reinseanlegg til.

– Målet er å halde sjøen rundt Karmøy rein. Det er viktig for oss, seier Siw Anita Thorsen.

Renseanlegget for kloakk som er under bygging i Åkrehamn på Karmøy.

Det nye reinseanlegget under bygging i Åkrehamn på vestsida av Karmøy. Om framlegget til nye EU-krav blir vedtatt, må Karmøy kommune bygge til saman seks reinseanlegg som er større enn dette.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Nytt anlegg ikkje godt nok for EU

Men dette er ikkje godt nok for EU, som no reviderer sitt avløpsdirektiv frå 1991.

Til no har byar og tettstadar langs kysten frå Lindesnes til Grense Jakobselv fått ha mindre strenge reinsekrav fordi avløpet går ut i eit hav som toler det. Det unntaket ligg no an til å forsvinne, og det kan bety mykje høgare avløpsgebyr for folk langs kysten.

Som EØS-medlem må Noreg rette seg etter det EU vedtar på dette området. Det er og grunnen til at Miljødirektoratet sende det ut på høyring i norsk utgåve. Kva EU kjem fram til, får og mykje å seie for avløpsgebyra du og eg må betale.

Elin Olsgård fra Karmøy kommune peker utover havet fra tettstedet Åkrehamn på vestsiden av øya.

– Dit ut, ein kilometer til havs, går avløpet etter at det er reinsa, seier Elin Olsgård.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Gebyra kan bli meir enn dobla

– I nokre kommunar er det anslått at dette vil føre til ei dobling av gebyra, andre stader blir kan det bli endå meir, seier rådgivar Arne Haarr i Norsk vann.

Det er ein interesseorganisasjon for vatn og avløpsselskap som oftast er eigd av kommunane.

Gebyra for vatn og avløp har alt auka kraftig i mange kommunar det siste året.

Blir nye EU-krav innført, kjem det på toppen av gebyr som alt har stige mykje. I Karmøy kommune har avløpsgebyret auka med 18 prosent frå i fjor til i år.

Må kanskje bygge seks reinseanlegg

Målet til EU er å betre vasskvaliteten i Europa. Direktivet stiller strengare krav til avløpshandtering for å avgrense verknaden på miljøet. Mens langs norskekysten kan det få spesielle utslag, om det blir vedtatt.

– Blir EU-direktivet vedtatt, må vi faktisk bygge større reinseanlegg enn det du ser her, seks plassar på Karmøy, seier Thorsen. Og anlegget som enno ikkje er ferdigbygd, må då oppgraderast for å få EU-godkjenning.

– Det er absurd, og det er derfor me tenkjer at me må gi beskjed, seier Thorsen.

Kommunen har anslått at seks reinseanlegg vil koste mellom 500 millionar og ein milliard kroner.

– Dette er det jo innbyggarane som må betale, seier Thorsen.

Siw Anita Thorsen, sektorsjef for vann, avløp og renovasjon i Karmøy kommune ved kloakkrenseanlegget som bygges i Åkrehamn på vestsiden av Karmøy.

– Om vi må bygge seks større anlegg enn dette, så vil avløpsgebyret auke mykje meir enn det alt har gjort, seier Siw Anita Thorsen, sektorsjef for vatn, avløp og renovasjon i Karmøy kommune.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Anlegget som no er under bygging i Åkrehamn er eit moderne anlegg for primærreinsing, slik Norsk vann forklarar det. Det fjernar partiklar i kloakken før han blir sendt ut i naturen.

Denne reinsemetoden reknast som godt nok på stader der avløpet går ut i ein mindre følsam vassførekomst, som sjøen i dei fleste tilfelle er. Difor har det meste av norskekysten frå Lindesnes til Grense Jakobselv fått unntak frå kravet om sekundærreinsing.

Men EU-framlegget inneber altså at det ikkje lenger skal vere høve til å gi slike unntak. Krava blir like strenge enten avløpet endar i ei elv i innlandet eller går ut i storhavet.

Derfor synest både mange kommunar og organisasjonen Norsk vann at fleire sider ved EU-direktivet ikkje passar i Noreg.

Kraftig vind ved Karmøy

Den røffe norskekysten toler avløpsvatn betre enn ei elv inne i landet.

Ynskjer unntak

Statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet (Sp) sa i NRK Nyhetsmorgon at det verkar som om EU ikkje har tatt omsyn til land med ei lang kystline og spreidd busetnad.

– Me håpar å få til gode unntaksordningar for land som både Noreg og Sverige, sa han.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.

Statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet seier Noreg vil arbeide for å få unntak frå ein del av EU-krava.

Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL

Han meiner det bør vere andre krav til reinsing for område som drenerer til store havområde enn for dei som drenerer til ferskvatn.

– I dag har vi jo eit unntak som gjeld frå Agder til Finnmark, der ein ikkje har like omfattande krav som ein til dømes har i Oslofjorden. Den typen unntak bør vi kunne fortsette med, sa Øren Heen.

Men dette unntaket ber ikkje Klima- og miljødepartementet om i høyringsfråsegna som blei send til EU fredag. I staden ber departementet om betre tid til å innfri EU sine krav.

– Vi er glade for at Øren Heen seier at regjeringa vil arbeide for unntak frå kravet om sekundærreinsing for utslepp til robuste havområde, seier Arne Haarr i Norsk vann.

Arne Haarr.

Rådgjevar Arne Haarr i Norsk vann.

Foto: Arnfinn Johnsen

– Del av kretsløpet

Når reinsa avløpsvatn frå til dømes vasken eller do blir sendt ut i avløpet, inneheld det nitrogen, fosfor og organisk materiale. Ein del av dette blir fjerna også av primærreinseanlegg.

Men er det greitt å sende dette ut i havet?

– Så lenge det er nok oksygen i havet eller i vatn, så blir det organiske materialet i avløpsvatnet brote ned av algar og mikroorganismar. Slik er det langs det meste av norskekysten og er ein del av det naturlege kretsløpet, seier Haarr.

Siw Anita Thorsen (t.v) og Elin Olsgård fra Karmøy kommune i Åkrehamn med storhavet bak seg vestover.

– Det er mykje straum i havet utanfor Karmøy og kvaliteten på vatnet er god, seier Siw Anita Thorsen og Elin Olsgård. Likevel kan det kome kostbare krav frå EU om endå betre reinsing av avløp her om nokre år.

Foto: Thomas Halleland / NRK

AKTUELT NÅ