Hopp til innhold

Her brukar kommunen ein halv million på sommarjobb til ungdom

I mindre kommunar får langt fleire av tenåringane seg jobb enn i byane. – Vi vil vise ungdommane at vi er eit alternativ, seier ordførar.

Sommerjobb i Averøy

SOMMARJOBB: Arn Mathias Fjærvik Kvalshaug gler seg til å ta fatt på grasklipparjobben i sommar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

16-åringen finn gledeleg fram grasklipparen. Den skal han få brukt mykje i sommar, i tillegg til å måle og gjere ulike småjobbar for Averøy. Ein landleg kystkommune på Nordmøre med rundt 6000 innbyggarar.

– Eg er ganske nøgd og får halde på med ting som eg er van med, det er ein jobb som passar meg, seier Arn Mathias Fjærvik Kvalshaug.

Det er utlyst rekordmange sommarjobbar i år, men mange av dei er ikkje aktuelle spesielt for dei under 18. Derfor har mange kommunar særskilde tilbod for å skaffe jobb til denne gruppa.

Sommarjobb Averøy

Arn Mathias Fjærvik Kvalshaug vil heller ha sommarjobb enn å ligge på stranda. – Eg er ikkje akkurat nokon syden-kar eg, så eg trur eg greier meg utan.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fordel i liten kommune

Statistikk frå SSB viser at andelen mellom 15 og 19 år med sommarjobb er dobbel så høg i dei minst sentrale kommunane. Totalt var 38 prosent sysselsett i sommarmånadene i fjor.

Averøy kommune har sett av ein halv million kroner til sommarjobb for ungdom. Det er viktig for dei at tenåringane får eit inntrykk av korleis det er å jobbe i heimkommunen.

– Dette er noko vi ønsker å satse på. Vi håpar at nokon av dei fattar interesse for jobben dei har hatt og at dei kan tenke seg Averøy som arbeidsplass i framtida, seier ordførar Ingrid Ovidie Rangønes (Ap).

Ingrid Ovidie Rangønes, ordfører i Averøy (Ap)

– Vi vil vise ungdommane at vi er eit alternativ, seier Ingrid Ovidie Rangønes, ordførar i Averøy.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei har også mange gode erfaringar med dei yngste arbeidstakarane sine.

– Ungdommane får gode skottsmål, og arbeidsplassane er kjempenøgd med dei. Dei er verdt ein halv million, seier Rangønes.

Ikkje like lett over alt

Mia Røsand Flatsetø (17) skal jobbe med helse og omsorg i sommar, og meiner dei har eit bra tilbod for sommarjobb på øya. Ho ser at det ikkje er like lett over alt.

– Eg har ei venninne i Kristiansund som har søkt over alt og ikkje har fått svar ein einaste plass, så ho stressar litt, seier Flatsetø.

Jenter i sommerjobb i Averøy

Thea Sofie Sandø (15) og Mia Røsand Flatsetø (17) skal jobbe tre veker kvar med helse og omsorg i Averøy i sommar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Små kommunar ser på sommarjobb som eit høve til å knyte band for framtida.

– Viss du trivst, så kan du jo tenkje at «dette er noko eg kan jobbe med seinare på Averøy», seier Thea Sofie Sandø (15).