Hopp til innhold

Leitar etter sakna kvinne på Romsdalseggen

Politiet har sett i gang leiting etter ei sakna 26 år gamal kvinne på Romsdalseggen i Rauma. Frå før er ei 75 år gamal kvinne sakna i same området.

Leiteaksjon Vengedalen

Ved Romsdalseggen er no to kvinner sakna. Frå før er ei 75 år gamal spansk kvinne sakna. No leitar politiet også etter ei 26 år gamal tysk kvinne i området. Innsatsleiar Børge Bjerkeli seier at dei jobbar ut fra fleire teoriar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Den sakna kvinna er frå Tyskland.

Sakna kvinne Romsdalseggen

Den sakna kvinna er 26 år og tysk statsborgar og bur i Oslo.

Foto: Privat/Politiet

Politiinspektør Anders Skorpen Trøen opplyser til NRK at det blei gjort observasjonar av kvinna da ho gjekk på tur. Ho skal ha gått sørover frå Nesaksla til Vengedalen, der ho skulle ta inn på ei hytte.

Politiet ber no om dei som eig hytte i området om å undersøke dei.

Kvinna blei meldt sakna då ho ikkje kom tilbake til Oslo, men siste sikre observasjon var ved Romsdalseggen for fem dagar sidan.

Drone, politi og hundar er med på leitinga.

Tysdag ettermiddal leitte politiet med drone, hundar og politimannskap etter den sakna kvinna. Seinare kan det bli aktuelt å setje inn frivillige leitemannskap.

– Vi arbeider ut frå fleire forskjellige teoriar. Ho kan vere utsett for ei ulukke, ho kan ha teke seg inn i hytter i området og ho kan vere på veg tilbake til Oslo, seier innsatsleiar Børge Bjerkeli.

Leiteaksjon Vengedalen

Politiet har teke i bruk drone i leitinga.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ifølgje politiet bur kvinna i Oslo og blei meldt sakna av ein person ho deler bustad med.

Det var i går, måndag 23. oktober, at politiet fekk melding om at kvinna ikkje returnerte til Oslo som avtalt. Ho skal ha vore på tur frå Oslo til Åndalsnes i Rauma kommune. Siste sikre observasjon er på Romsdalseggen 19. oktober.

Politiet vil leite på Romsdalseggen med drone i dag. Vi er oppe på fjellet med politipersonell. I tillegg vil vi undersøke om ho kan ha tatt seg til hytter i nærleiken av Romsdalseggen, seier politiinspektør Anders Skorpen Trøen.

– Skulle gå Romsdalseggen

Den sakna kvinna er 26 år, 160 cm høg og har mørkt brunt hår og er tysk statsborgar.

Anders Skorpen-Trøen står utenfor politistasjonen i Molde. Han har på seg politiuniform, og ser alvorlig inn i kamera.

Politiinspektør Anders Skorpen Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi har vore i kontakt med pårørande. Og vi har fått opplyst at kvinna skulle gå Romsdalseggen torsdag i førre veke. Dette er ei opplysning kvinna har delt med familien. Kvinna skal ha vore åleine i området, seier Skorpen Trøen til NRK.

Det har kome ein del snø i området og i førre veke var der kraftig vind.

– Snøen er truleg ganske hardpakka i fjellet. Tilhøva er slik at ein må tenkje seg godt om før ein legg ut på tur i høgfjellet. Vi set også eiga sikkerheit høgt for både politimannskap og dei frivillige leitemannskapa som etter kvart blir sett inn i søket, seier Børge Bjerkeli i politiet.

Det ligg, ifølgje politiet, ikkje føre opplysningar om kvinna kan ha sjekka inn på hotell eller nokon annan overnattingsstad. Politiet opplyser tysdag ettermiddag at dei no også vil undersøke digitale spor som kan fortelje noko om kvar kvinna kan vere.

Les også Spansk kvinne sakna i tre månader før søket starta: Dette veit vi

Politi på Nesaksla

– Ingen samanheng

Frå før er ei 75 år gamal spansk kvinne sakna i same området. Ho har vore sakna sidan 6. juli. Leitinga etter den spanske kvinna blei først sett i gang i oktober. Denne aksjonen er førebels avslutta på grunn av mykje snø i området.

– Det er ingen ting som tyder på at det er nokon samanheng mellom dei to sakna-sakene, anna enn at begge personane har vore på Romsdalseggen. Vi mistenkjer ikkje at nokon av dei er utsett for noko kriminelt, men arbeider ut frå at begge kan vere utsett for ei ulukke, seier Skorpen Trøen.

Politi på Nesaksla

Dette biletet er frå leiteaksjonen etter den spanske kvinna. Denne leiteaksjonen er no avslutta på grunn av vertilhøva.

Foto: Tore Ellingseter / NRK