Hopp til innhold

Politiet trur ingen er i naud og avsluttar aksjon i Borgundfjorden

Politiet meiner det er svært beklageleg at folk skyt opp naudrakettar utan å ha bruk for hjelp. Aksjonen laurdag ettermiddag var etter alt å dømme heilt unødvendig.

Båt leitar etter naudbluss

Politiet avslutta laurdag ettermiddag aksjonen etter at eit naudbluss skal ha blitt avfyrt i området rundt Sula. Også Hovudredningssentralen sende ut ein båt til området i frykt for at nokon var i havsnaud.

Foto: Pål-Andre Måseidvåg

Både politiet og Hovudredningsaksjonen aksjonerte då det laurdag ettermiddag kom melding om at det var observert eit naudbluss i fjorden utanfor Sula.

Politiet sende ut tre patruljar og Hovudredningssentralen sette inn ein båt i søket etter folk som kunne vere i havsnaud.

Truleg ingen fare

Laurdag ettermiddag konkluderer politiet med at alt tyder på at nokon har leika seg.

– Vi har vore i kontakt med fleire båteigarar som også observerte naudraketten, og som deretter såg ein båt køyre i frå området i høg fart, seier operasjonsleiar Sindre Molnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Beklagar ressursbruken

Det var ein privatperson som laurdag ettermiddag melde frå at han skal ha sett eit naudbluss i området ved Tørla utanfor Sula. Naudblusset skal etter alt å dømme ha hamna i Borgundfjorden.

Operasjonsleiaren minner om at det er straffbart å skyte opp naudrakettar utan å vere i fare, og seier det binder opp ressursar dei elles ville brukt til andre ting.

– Det er sjølvsagt svært beklageleg at slikt skjer, seier han. Molnes seier dei har fått skildringar av båten, men kan ikkje seie om dei kjem til å etterforske saka vidare.

Laster Twitter-innhold
naudbluss