Hopp til innhold

Leitar etter Åsta Reed (82)

Søket etter Åsta Reed (82) held fram med uforminska styrke.

Savnet person

Politiet leitar etter den sakna Åsta Reed (82).

Foto: Privat

Hundeekvipasjar og andre frivillige leitar framleis etter den 82 år gamle Åsta Reed i Spjelkavik i Ålesund, og politiet har ikkje tenkt å trappe ned leitinga.

Søk utendørs har ikkje gitt noko resultat for politiet.

Søkjer i alle retningar

Drosjar og bussjåførar er kontakta for at politiet skal forsikre seg om at Reed ikkje har reist ut av Ålesund-området.

Åsta Reed vart meldt sakna klokka 10.45 og politiet har framleis ingen spor å gå etter. Ifølgje politiet har ho truleg forlate heimen ein gong mellom klokka 04.00 og 09.30.

Hovedredningssentralen er rutinemessig kobla inn.

Politiet vil ha tips

Både hundar frå Norske Redningshundar, mannskap frå Røde Kors deltek i leitinga. Også eit helikopter har vore brukt, utan at det har gitt resultat så langt, opplyser politiet.

Kvinna vert karakterisert som lita og har på seg ei grå/grøn-jakke.

Politiet vil gjerne ha tips viss nokon har sett den sakna kvinna.

Ein teori går på at ho kan ha tatt inn hos vener, som ikkje veit at ho er sakna.