Leiar av Stortingets samferdselskomite, Petter Løvik, var i dag med i eit vogntog som køyrde Europaveg 136 gjennom Romsdalen frå Åndalsnes til Bjorli.
Lastebileigarforbundet inviterte Løvik, og distriktssjef Dagrun Krakeli seier dei ville vise flaskehalsane på strekninga.
Horgheim-Sogge
Neste år blir vegen mellom Horgheim og Sogge bru utbetra, men Lastebileigarforbundet meiner heile vegen må bli betre.
Lite gjort
Det har i fleire å vore arbeidd for at det må bli betre veg frå Åndalsnes til fylkesgrensa mot Oppland, men lite er gjort. Vegen er hovedtransportåra for gods- og persontrafikken mellom Nord-Vestlandnet og Austlandet og dagleg køyrer fleire hundre vogntog gjennom dalen.Fleire stader er vegen svært smal og svingete
I oktober velta dette vogntoget på E 136 i Romsdalen