LED gir innsparing

Sunnmøre regionråd fullfører ved nyttår eit fireårig prosjekt med utskifting til LED i 12.500 gatelys i kommunar på Sunnmøre. Prosjektet har kosta 60 millionar kroner, men har fått støtte frå Enova. Led-gatelysa vil gi kommunane innsparingar på nær 100 millionar dei 25 åra som er venta levetid, seier prosjektleiar Einar Haram.