Hopp til innhold

Kasta ut av bilen etter kollisjon med lastebil

Ein personbil og ein lastebil var involvert i ei trafikkulukke i Stordalstunnelen tysdag ettermiddag. Føraren av personbilen skal ha blitt kasta ut av bilen i samanstøyten.

Lastebil mot personbil i Stordalstunnelen

Personen skal likevel ha komme uskadd frå ulukka, men blei frakta til legevakt for sjekk, opplyste politiet klokka 17.44.

Ulukka skjedde like etter klokka 17 tysdag. Skadeomfanget var først ukjent, før det seinare blei meldt at ingen av dei involverte var alvorleg skadd.

– Éin person skal ha blitt kasta ut av personbilen etter kollisjonen. Det er ikkje snakk om front mot front, men der var ein samanstøyt, sa operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Alle naudetatar rykka ut til ulukka som skjedde inne i Stordalstunnelen. Føraren av lastebilen kom heilt uskadd frå hendinga.

Det var lenge store køar på begge sider av tunnelen og først litt over klokka 20.00 melde politiet at trafikken flaut som normalt. Bergingsbil har fjerna begge bilane.

Politiet har oppretta rutinemessig sak i etterkant av ulukka.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL