Hopp til innhold

Full strid i Industripartiet – partileiar forlét landsstyremøtet

Gårsdagens landsstyremøte i Industripartiet enda med at partileiaren og fleire andre i sentrale posisjonar forlét møtet.

OVhzRl-WoIU

FORLÉT MØTE: Owe Ingemann Walthersøe forlét eit møte i partiet fredag kveld.

Foto: NTB

Fredag var landsstyret i Industri- og næringspartiet (INP) samla. I forkant av møtet har det vore tydelege konfliktar innanfor partiet og mykje har dreia seg om partiet sin leiar, Owe Ingemann Waltherzøe.

Gårsdagens møte enda i full strid då Waltherzøe, to sentralstyremedlemmar og landsstyredelegatane frå Trøndelag, Troms, Finnmark og Telemark forlét møtet.

Ifølgje ei pressemelding frå partiet forlét dei møtet fordi dei ikkje anerkjenner legitimiteten til verken landsstyret eller møtet dei hadde kalla inn til.

Kallar inn til ekstraordinært landsmøte i mars

Resten av møtet valde å halde fram saksbehandlinga fredag kveld og har no vedtatt at det i mars skal haldast eit ekstraordinært landsmøte.

Landsstyremøtet kjem med kraftig kritikk av leiar Owe Waltherzøe og i pressemeldinga står det at det ikkje er i samsvar med partiet sitt verdigrunnlag å oppretthalde tillit til personar med verv i styrande organ, dersom desse ikkje vedkjenner partiet sine definerte og konstituerte organ.

Nestleiar i INP, Joar Nesse seier til NRK at partileiaren ikkje skal ha villa vedkjenne landsstyret sin legitimitet.

– Eg er veldig skuffa over at partileiaren ikkje vil ha dialog med oss. Vi skal ha demokratiske verdiar i partiet, ikkje at ein person bestemmer alt, seier Nesse til NRK.

Valvake INP Stord

Nestleiar i INP, Joar Nesse (i kvit skjorte til venstre), jublar på valvaken i 2023.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Nesse vil ikkje svare konkret på om han har tillit til partileiaren.

Altså partileiaren er valt til 2026, og det er det eg forheld meg til. Det er klart at eg er veldig skuffa når partileiaren ikkje vil ta den dialogen og prøve at vi kjem samla ut av det.

– Bryt med vedtektene

Waltherzøe på si side seier til NRK at han ikkje hadde anna val enn å forlate møtet.

– Eg måtte gå for å ikkje vere med på å gi møtet legitimitet.

Han meiner at møtet bryt med vedtektene som er vedtatt i partiet og at dei gjekk vekk frå ei ordning med landsstyremøte i 2022.

Kvifor det har oppstått ei svært ulik oppfatning om kva møteorgan det skal vere i partiet vil ikkje Waltherzøe spekulere i.

Kva vil du som partileiar gjere for å skape ro i partiet?

– Først må vi ha eit sentralstyremøte der vi må ha ein ordentleg oppvask, eller i alle fall ein ordentleg god prat og prøve å få ting til å lande.

Owe Ingemann Waltherzøe, leder i INP

Owe Ingemann Waltherzøe, er leiar og grunnleggar av Industri- og Næringspartiet (INP).

Foto: Odin Omland

Konfliktfylt suksess

Det var Waltherzøe som grunnla Industri- og næringspartiet (INP). Det er eit ungt parti og stilte liste til val for første gang i 2021. Partiet gjorde eit brakval i fleire fylke og kommunar i 2023 og har ligge over sperregrensa på fleire målingar.

Partiet har markert seg i strømprisdebatten, og vil melde Norge ut av EØS-avtalen.

Men no er det altså full strid om kva vedtekter som gjeld i partiet.

Finn Arne Follestad er fylkesleiar i Møre og Romsdal og han er ikkje i tvil om at gårsdagens møte var gyldig og er overraska over at partileiaren valde å forlate gårsdagens møte.

Fylkeslederi Møre og Romsdal INP, Finn Arne Follestad.

Finn Arne Follesø er fylkesleiar i INP i Møre og Romsdal

Foto: Møre og Romsdal INP

– Eg synest ikkje det er rett haldning av ein som utgjer leiinga i eit parti, seier Follestad.

Strid om løn

Eit anna tema som skaper strid er kva partiet skal bruke partikassa til.

Waltherzøe har ifølgje flere kjelder ytra eit ønskje om å bli «frikjøpt» frå jobb for å kunne jobbe fulltid fram mot stortingsvalkampen i 2025.

Men fleire sentrale fylkeslag vil heller bruke partimidlane på andre valkamptiltak.

Budsjettet blei sist behandla på et landsstyremøte 2. desember i fjor: Der blei det vedtatt at midlane skulle fordelast med ein tredel til kvar av partinivåa på lokalplan, til fylkespartia og partikontoret sentralt.

Men Waltherzøe skal ifølge fleire kjelder ha nekta å forholde seg til dette. Han skal ha kravd at samtlige midlar går til partikontoret.

– Dette stemmer ikkje, sier Waltherzøe til NRK. Han er sterkt usamd i framstillinga.

Varslar konsekvensar

Landsstyremøtet er klare i sin uttale at oppførselen frå partileiaren og dei andre som forlét møtet må få konsekvensar. Nesse vil ikkje utdjupe kva konsekvensar det i så fall er snakk om.

– Konsekvensar må jo kanskje andre også sjå litt på. Eg har jo ikkje vore borti før at ein partileiar går ut av møta, og i alle fall ikkje eit landsstyremøte. Så det blir jo ei splitting mellom partileiaren og dei som sit igjen då. Så vi må jo diskutere vegen vidare for partiet.