Hopp til innhold

Læresenter for pleie av tidlegfødde

Ålesund kan om to år bli senter for opplæring i pleie av for tidleg fødde born.

Prematuravdelinga i Ålesund
Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Sjukehuset på Åse behandlar premature babyar etter NIDCAP-metoden.

NIDCAP handlar om å observere kvar enkelt unge og tilrettelegge omsorga deretter. Det kan vere å dempe belysinga, skjerme for lydar og halde rolig rundt barnet.

Lille Lykke Sofia strekkjer den vesle kroppen mot mamma. Ho hadde dårleg tid og kom til verda i veke 32 av svangerskapet, berre 1670 gram. Mamma Åshild Reitan tek ho forsiktig ut av kuvøsa for å gi Lykke Sofia litt mat. Og mamma ser heilt klart nytten av NIDCAP.

Åshild Reitan

Åshild Reitan meiner metoden er til stor nytte for barnet

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

- Det er i grunnen veldig naturleg at ein ser barnet og tek dei signala som det gir og prøvar å imøtekome det. Når dei er så små er det viktig å støtte dei på alle måtar, seier Åshild Reitan.

Den fremste ekspertisen her i landet på pleie av dei som er fødde alt for tidleg jobbar ved sjukehuset i Ålesund. Metoden starta i USA, og der finn ein dei fremste ekspertane. I 2012 håper ein at eit læresenter står klart i Ålesund.

Får utdanne spesialistar

Betre kommunikasjon med dei minste

Fremste ekspertisen

Unni Tomren (t.v) og Karin Sørland

Unni Tomren (t.v) og Karin Sørland er to av dei som står bak opplæringa

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Seksjonsleiar på avdelinga, Karin Sørland, seier at sjukehuset i fleire år har satsa mykje på å utdanne eit tital sjukepleiarar og ein lege i metoden. Ho meiner dei med dette er best kvalifisert av alle til å drive utdanninga vidare.

Unni Tomren er sjukepleiar og lærer no opp andre i NIDCAP. Ho seier dei brukar mykje tid på å lære å tolke signal frå ungane, og det gir effekt.

- Vi ser at ungane trives bedre og vi ser eit nærare forhold mellom foreldre og barn fordi også dei lærer å sjå og forstå barnet sitt bedre. Desse barna treng foreldra like mykje som andre barn sjølv om dei ikkje kan vise det så godt.

Klarsignal for barneavdeling

Fornøgd styre i Helse Sunnmøre

Reidun Øye

Reidun Øye er ei av dei som har fått spesialopplæring i NIDCAP

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

I Ålesund har dei satsa mykje på å utdanne personell i denne metoden. Ei av dei er Reidun Øye som er ferdig til våren. Ho seier metoden gir ho mykje som sjukepleiar.

- Vi får lære veldig mykje om kroppsspråket til borna, kva dei eigentlig fortel oss. Så sjølv om eg har jobba med premature lenge så gir dett meg eit nytt syn på korleis eg skal utføre jobben, seier Reidun Øye.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL