Hopp til innhold

Kvifor er sjøen så grøn?

Her får du svaret.

Grønn sjø
Foto: Frode Berg / NRK

- Kan det ha noko med klimaet å gjere? spør Steinar Pedersen når han får spørsmålet om kvifor sjøen har vore så grøn den siste tida. Andre gir algane skulda.

Det er kanskje ikkje lett å vite årsaka til kvifor fleire fjordar den siste tida nærast har hatt sydhavstendensar. Men gjettar du algar, så er du i alle fall på rett spor.

Reflekterer lyset

Jan Einarsen, som er akvarist, kan fortelje at det er planteplankton som blomstrar opp i eit enormt tempo på grunn av mykje gjødsel, sollys og varme. Han kallar det for ei våroppblomstring.

Videre kan han fortelje at det er fleire faktorar som spelar inn på fargen, og at mykje gjødsel er viktig.

- Gjødselet kan kome frå døde dyr som sig til havbotnen, men det kan også kome frå land frå blant anna jordbruks- og industriområde, forklarar Einarsen.
- Og det gjer at planteplankton får gode vekstvilkår.

Ei anna årsak er at det er mykje av eit spesielt planteplankton som blir kalla "kalkflagellat".
- Denne reflekterer lyset på ein slik måte at havet blir sjåande grønt ut, forklarar akvaristen vidare.

Jan Einarsen
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Veldig sterk oppblomstring

Denne oppblomstringa av planteplankton er noko som skjer fleire gonger i året, men det er ikkje alltid ein ser det like godt, sidan det ikkje alltid skjer i like store dimensjonar.
- Det har vore ei veldig sterk oppblomstring i år, slår Einarsen fast. Men sier videre at det ikkje er noko spesielt at sjøen blir så grøn som den har vore no.

Mykje mat

Sjølv om det kan være litt vanskeleg å spå heilt korrekt, kan ei slik oppblomstring tyde på eit godt fiskeår.

- Mykje planteplankton betyr mykje mat til dyreplankton slik som for eksempel yngel, og då vert det mykje mat til fisken og dermed også mykje mat til oss, forklarar Einarsen.

Ikkje farleg

Om du enten er ein av dei som skulle få lyst til å bade i det sydhavslignande havet, eller ein av dei som trur at algar er farlege, kan Einarsen slå fast at ei slik oppblomstring ikkje kan skade oss på nokon som helst måte.

- Synes du vatnet er varmt nok er det berre å hoppe i det, sier akvaristen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL