Hopp til innhold
Quiz

Kva veit du om norsk verdsarv?

FN-organisasjonen UNESCO har eit relativt kjent program for bevaring av natur- og kulturstader på jorda. Norge har åtte oppføringar på denne eksklusive UNESCO-lista for verdsarvar. Men kva veit du eigentleg om dei?

Geirangerfjorden med cruiseskip og andre båter

Denne fjorden står på UNESCO si verdsarvliste. Du får spørsmål om denne fjorden eit stykke nede i denne quizen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

1/10 Først frå Norge

Kva i Bergen vart innlemma på UNESCO si verdsarvliste i 1979?

2/10 Stavkyrkje

Urnes stavkirke i Luster
Foto: Øyvind Arntsen / NRK

I 1979 vart også Urnes stavkyrkje innlemma på lista. Men i kva kommune ligg denne stavkyrkja?

3/10 Bergstad

Året etter, i 1980, fekk Norge si tredje oppføring på verdsarvlista. Det var ein bergstad grunnlagt på 1600-talet. Kva stad siktar vi til?

4/10 Helleristningar

Helleristning av ku
Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Vi flyttar oss vidare til 1985. Då vart bergkunsten i ein norsk by inkludert på lista. Kva by snakkar vi om?

5/10 Øygruppe

Vegaøyene
Foto: NRK

Norge måtte vente 19 år før neste oppføring på verdsarvlista kom. Då var det ei øygruppe som vart inkludert på lista. Kva øyar snakkar vi om?

6/10 Struvemeridianen

Struves meridianbue
Foto: Stian Strøm

Allereie i 2005 fekk Norge ei ny oppføring på verdsarvlista, men denne gongen ikkje åleine. Struvemeridianen har nemleg 34 målepunkt og går frå ein nordnorsk by og heilt til Svartehavet. Det inkluderer ti land. Men klarer du å tippe kva tre norske byar/tettstader Struvemeridianen er gjennom?

7/10 Fjordar i vest

Rydding av ras i Geiranger
Foto: Statens Vegvesen

I 2005 vart også to vestnorske fjordlandskap inkludert på lista. Den eine ligg i Møre og Romsdal, den andre i Sogn og Fjordane. Vi begynner i Møre og Romsdal. Vi skal til ein fjord der det har gått mange ras i vinter. Kva slags fjord snakkar vi om?

8/10 Den andre fjorden

Sogn og Fjordane
Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

Vi flyttar oss til fjorden i Sogn og Fjordane. Kva fjord skal vi til?

9/10 Industri

I 2015 vart ein industriarv frå to norske byar inkludert på lista. Kva to norske byar siktar vi til?

10/10 Flest i Norden

Til slutt eit bonusspørsmål: Kva nordisk land har flest oppføringar på UNESCO si verdsarvliste?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.