Hopp til innhold

Kulturministeren klatrar

Ho er vant til å klatre oppover i politikken. I dag har ho sagt ja til ei tøff utfordring.

Thorhild Widvey

Kulturministeren brukar laurdagen til å klatre opp på Romsdalshorn.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kulturminister Thorhild Widvey (H) skal laurdag klatre opp på Romsdalshorn i Rauma. Turen er ikkje av dei lettaste ein kan gi seg i kast med. Toppen ligg 1550 meter over havet, og er ein av dei mest kjende i Romsdalsalpane.

Ho er invitert av Den Norske Turistforening, og den krevjande klatreturen starta laurdag føremiddag.

– Det er godt for oss alle å kome seg ut og røyve litt på seg. Turistforeininga har heile breidda av aktivitetar. Det viktigaste er å kome seg ut av sofaen, seier statsråden, som ikkje er redd for utfordringar.

Widvey klatrar

Widvey lyttar til erfarne fjellfolk. F.v.: Ralph Høibakk, Stein P. Aasheim og Berit Kjøll frå Den Norske Turistforening.

Foto: Roar Strøm / NRK

Widvey har vore med på fleire av turistforeiniga sine aktivitetar. Ho har sove ut, ho har opna turisthytte og gått i fjellet. Men dette er den klart tøffaste og mest ekstreme utfordringa.

– Det er vakker natur, og det er kjekt å kunne føle at ein meistrar noko.

Har ikkje klatra før

Statsråden har ikkje klatra i fjell på denne måten før. Men ho har hatt øvingstimar og klatreopplæring. Ho har også med seg fjellvande folk, og seier at ho føler seg trygg.

Med på turen er klatreveteranane Stein P. Aasheim og Ralph Høibakk. Det same er styreleiar i Den Norske Turistforening, Berit Kjøll.

Kjøll seier til NRK at kulturministeren er sjef for frivilligarbeidet i landet, og at det derfor er fint at ho er positiv til det turistforeininga driv med.

Romsdalshorn

Det er inga enkel oppgåve kulturministeren har gitt seg i kast med når ho skal klatre opp på Romsdalshorn.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Ho tok utfordringa. Det er fantastiske fjell rundt oss, og vi er heldige med vêret. Statsråden får her sjå litt av det vi kan oppleve i den fantastiske naturen vår. Vi ønskjer endå fleire nordmenn ut på tur.

– Er du sikker på at de greier å nå toppen?

– Også eg har respekt for høgder. Men eg er sikker på at vi kjem oss opp, og at vi også kjem oss ned att, seier turistforeiningsleiaren smilande.

Midt i valkampen

Statsråd Widvey angrar ikkje på at ho har lagt ut på turen. – Men er dette eit valkampstunt?

– Turen var planlagd lenge før valkampen. Det er ei svært fin tur å gå på no i august, og det er eit fint avbrekk i ein travel valkampkvardag, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Ho gler seg til å nå toppen av Romsdalshorn, og å kunne nyte utsikta utover ein vakker del av landet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL