Hopp til innhold

Set vaksineringa på pause

Medan andre kommunar tek i bruk nye tilbod for å få folk til å ta koronavaksine, er Kristiansund fornøgde med framgangen. No set dei vaksineringa på pause i to veker.

Kommuneoverlege Askill Sandvik i Kristiansund

Kommuneoverlege i Kristiansund Askill Sandvik er nøgd med framgangen i vaksineringa. No tek kommunen ein pause.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Over 90 prosent av folket over 18 år har no fått fyrste vaksinedose i nordmørsbyen. Meir enn 85 prosent har fått dose ein.

– Etter å ha køyrd på intensivt med både massevaksinering og «drop-in» lenge, tek vi no eit kvileskjer, seier kommuneoverlege i Kristiansund Askill Sandvik.

Fyrst om to veker vil kommunen igjen opne for vaksinering. Neste runde med massevaksinering er planlagt å starte om fem veker.

Sandvik meiner pausen er nødvendig. Han peikar vaksinering er ressurskrevjande, spesielt med tanke på personell.

Tar vaksinepause

Frivillig personale frå Røde Kors har vore viktige for avvikling av vaksineringa i Kristiansund.

Foto: EIRIK HAUKENES / NRK

Etter vaksinepausen håpar Kristiansund kommune at dei kan gjennomføre vaksineringa meir effektivt enn i dag.

– Vi ser at det har nådd ei mettingsgrad. Då trur vi det er betre å ta ei oppsamling etter pausen, seier Sandvik.

91. plass i landet

Tal frå FHI viser at Kristiansund ikkje ligg heilt i landstoppen når dei no stoppar vasineringa for ein periode. Per i dag ligg dei på 91. plass i landet.

Totalt har 83 prosent av folket i Noreg over 18 år fått to dosar ved utgangen av veke 37.

Blant den vaksne befolkninga er det aldersgruppa 25-39 som heng mest etter. I den gruppa er 71 prosent av kvinner og 68 prosent av menn, vaksinerte med to dosar.

Flyttar vaksineringa til fiskebedrift

Lenger sør i Møre og Romsdal er situasjonen annleis. Herøy kommune har vore blant dei som har frykta å måtte kaste vaksinedosar.

I neste veke flyttar dei vaksineringa til ei fiskebedrift.

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen håpar dei då kan nå ut til nye grupper.

– Vi har dårlegare vaksinasjonsdekning i dei yngre aldersgruppene, og trur det har å gjere med at veldig mange arbeidstakarar i kommunen kjem frå andre land, seier Aasen.

På grunn av dette vil altså helsepersonell reise ut til ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen, og køyre «drop-in» i håp om at nokon vil ta vaksinen der.

Vil vaksinere utanlandske arbeidere. Bjørn Martin Aasen, kommuneoverlege i Herøy.

Kommuneoverlege i Herøy kommune Bjørn Martin Aasen.

Foto: Arne Flatin / NRK