Hopp til innhold

KBK-gutane blir tatt imot som heltar i Kristiansund

På straffekonk klarte Kristiansund BK å knuse Vålerenga i siste minutt. Dermed er dei klare for Eliteserien.

Mange nordmøringar har møtt opp for å ta imot opprykksheltane.

KBK blei tatt imot med ellevill jubel då dei landa på Kristiansund lufthavn sundag kveld.

Kristiansund kjempa mot hovudstadslaget Vålerenga om den siste plassen i Eliteserien. Den sigeren klarte dei å dra i land i siste minutt.

På straffespark-konkurransen scora Kristiansund-spelar Christoffer Aasbak det avgjerande målet.

Når dei kom fram til heimbyen seint sundag kveld hadde stod ein stor skare med Nordmøringar klare for å ta dei imot.

– Det er vanskeleg å setje ord på det. Det betyr utruleg mykje. Vi er heilt over månen etter alt som har skjedd, det er sjukt, seier Max Williamsen etter han landa i heimbyen.

Max Williamsen

Max Williamsen synest det heile er litt uverkeleg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vi klarte å få to mål på seks minutt, og det har ikkje gått heilt innover meg enno. Det var ingen som hadde trua på oss, så det er ekstra deileg, seier han.

Skal de feire no?

– No skal vi faen meg feire!

Jublande fans

Jubel for oppryk kbk Slatlem Corner ved Kristiansund stadion

Birger Rindal jublar over opprykket.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er heilt sjukt, at dei klarer det er heilt fantastisk! Eg hadde ikkje trudd det då kampen starta. Eg tek av meg hatten, jublar Birger Rindal.

Han var ein av mange KBK-fans som fekk med seg den nevepirrande på puben Slatlem Corner ved Nordmøre stadion.

Først på femte forsøket blei det bom for Vålerenga, mens Christoffer Aasbak sende både laget og supporterane til himmels.

– Eg sat og bad, eg som ikkje er kristen ein gong, seier Camilla Neergaard, som driv supportersjappa til Uglan.

Eg klarte nesten ikkje å sjå, og høyrde berre jubelen. Det var så sterkt, seier Grete Berge.

Opprykk intervju med Uglan-damer

Jublande glade kvinner frå supporterklubben Uglan.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Les også Vålerenga-kapteinen nektet å snakke etter nedrykket: – Skuffende

Vålerenga depper etter nedrykket mot Kristiansund

Tilbake i Eliteserien

Kristiansund BK rykka opp for første gong til Eliteserien i 2016, men rykte ned til førstedivisjon sist sesong. Tidlegare i haust fekk trenaren sparken og Amund Skiri kom inn.

No er dei tilbake i Eliteserien til våren.

– Det er heilt ubeskriveleg. At vi klarer å komme i Eliteserien igjen, det er heilt sjukt, seier Birger Rindal.

Amund Skiri og KBK inne i bussen som jubler etter opprykket til Eliteserien.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Trener Amund Skiri var storfornøgd med spelaranes prestasjon og vilje.

– I dag drog dei verkeleg fram ein topp-prestasjon. I dag skulle vi ut og spele vårt eige spel på best mogleg måte, og det gjorde gutane til terningkast seks. Eg er så imponert og glad på lagets vegne, at dei får til det i ein så viktig kamp, seier han.

Og da dei kom til flyplassen var heiagjengen på plass. Ein heiagjeng trenaren verkeleg sett pris på.

– Det er ein by og eit lokalsamfunn som står bak laget sitt. Det betyr så utruleg mykje. Dei som er herfrå backar oss verkeleg, og det er så deilig å oppleve det når det først skjer, seier Skiri.

Jubel for oppryk kbk Slatlem Corner ved Kristiansund stadion

Jubelen braut ut då opprykket var eit faktum.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kjem til Kristiansund seint i kveld

Spelarane kom med fly frå Oslo og landa i 23-tida søndag kveld. Då blei dei tatt imot av kjempeglade supporterar.

– Det er pur glede! Gutane var så sterke. Det var heilt utruleg det dei gjorde i dag, eg er så stolt! seier Grete Berge i supporterklubben Uglan.