Hopp til innhold

Krev handling frå staten

Fylkesrådet i Nord-Trøndelag vil at staten skal
starte dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden.

Gasskraftverk Aukra

Gasskraftverket på Aukra

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I eit brev sendt til olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) krev fylkesrådet handling frå staten slik at straumprisane i regionen vert heldt på same nivå som resten av landet.

Vil tilføre redionen meir straum

Dei ser blant anna for seg ei løysing der ein tilfører regionen meir straum ved å starte dei mobile gasskraftverka som er plassert på Aukra og Tjeldbergodden.

- Staten må om naudsynt starte dei mobile gasskraftverka på Nordvestlandet for å halde straumprisen i Midt-Noreg på nivå med resten av landet. Dersom det ikkje er vilje til det, må ein sette inn ein massiv innsats for energiøkonomisering og tiltak for å få opp kraftproduksjonen i regionen, står det i brevet.

Rasar mot fylkesrådet

Natur og Ungdom rasar mot fylkesrådet, og meiner at høge straumprisar ikkje er eit argument godt nok for å starte dei mobile gasskraftverka.

- Høg straumpris er ikkje eit argument for oppstart av utslieppsbombene i Møre og Romsdal. Dette bør fylkesrådet i Nord-Trøndelag trekke tilbake umiddelbart, det er uaktuelt at vi skal basere oss på den mest skitne krafta vi har her i landet, seier
nestleiar Silje Lundberg i Natur og Ungdom.