Guttelvik meiner at ei samla konsekvens- og konfliktvurdering må på plass i samband med at fleire store vindparkanlegg er planlagd utanfor kysten av Møre og Romsdal.
- Det vanlege har vore at den som står først i køen, får godkjenning, men no er det behov for ei samla vurdering, seier Guttelvik.
Store prosjekt
Det er særleg prosjektet Havsul som gjer at Ottar Brage Guttelvik meiner dette er nødvendig. Havsul er eit gigantisk vindparkanlegg i fire etappar frå Vigra og Haram i sør til Averøy i nord, med tilsaman 227 vindmøller plassert i sjøen.
I tillegg ønskjer Statkraft å byggje eit stort vindparkanlegg i Fræna, men det er planlagd på land.
Desse anlegga reiser mange problemstillingar: Kor stygt blir det? Kva slags konsekvensar får det for fugleliv og kulturvern? Og er det mogleg å satse på turisme når store vindmølleanlegg preger utsikta?
Hustadvika
Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik.
I innstillinga til fylkesutvalet som har møte tysdag i neste veke skriv Guttelvik at han frarår at det blir arbeidd vidare med planane for Havsul utanfor Hustadvika.
Det betyr ikkje at det bør settast strek for dette prosjektet, seier Guttelvik.
Men det er Hustadvika som ser ut til å være mest sårbar og mest konfliktfylt, seier fylkesdirektøren.