Hopp til innhold

Kran velta på byggeplass i Molde

Ei kran på 40 meter velta på ein byggeplass i Molde. Ingen skal ha blitt skadd i ulukka.

Ei 40 meter høg kran velta på ein byggeplass i Molde.

SJÅ VIDEO: Ei 40 meter høg kran velta på ein byggeplass i Molde.

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 10.00 fredag. Den 40 meter høge krana velta inne på ein byggeplass i Bjørnstjerne Bjørnsons veg i Molde.

– Det er så langt ikkje meldt om personskadar eller særlege materielle skader anna enn på krana. Den har blitt øydelagt, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Tor-André Gram Franck.

– Var det personar i nærleiken då krana velta?

– Det var folk på byggeplassen som jobba, men av det vi veit per no, skal det ikkje ha vore nokon i umiddelbar nærleik då krana velta, seier operasjonsleiaren.

Arbeidstilsynet er varsla

Krana skal ha velta i samband med løftearbeid.

Kran velta i Molde

Krana skal ha velta i samband med løftearbeid.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

– Krana var i gang med å laste av bygningsmateriale frå eit vogntog når den velta og delvis landa på byggeplassen og på ei privat tomt. Krana har heldigvis berre sneia eit hus i nærleiken. Det kunne ha blitt større skader om krana hadde treft huset, seier politioverbetjent Tor Evensen til NRK på ulykkesstaden.

Ei knekt takrenne er det som er registrert av skader så langt.

Ifølge politiet skal det ikkje ha vore nokon heime i huset då ulykka skjedde.

Politiet har sperra av eit område og starta ei etterforsking for å finne ut kva det er som har skjedd.

– Vi jobbar no med å sikre bilde og anna dokumentasjon. Så vil vi også gjennomføre avhøyr og anna taktisk og tekniske undersøkingar på staden, seier Evensen.

Arbeidstilsynet er også varsla.

Ei kran på 40 meter velta på ein byggeplass i Molde.

Politiet skal no undersøke kva som skjedde då krana velta.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK