Hopp til innhold

Køyrde i protestkonvoi

Mellom 200 og 300 lastebilar, bussar og personbilar køyrde i konvoi frå Åndalsnes til Bjorli søndag. Norges lastebileierforbund krev at utbetringa av E136 Romsdalen startar no. – Vi har ikkje tid å vente. Spesielt er det viktig for næringslivet, men også for dei som bur der, seier regionsjef Jan Ove Halsøy. Vegen blir tema i behandlinga av Nasjonal transportplan i Stortinget. Regjeringa vil at utbyggarsselskapet Nye Veger skal ha ansvaret for vegen, ikkje Statens Vegvesen.

Konvoi for å markere krav om utbetring av E136 Romsdalen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL