Køyrde i 82 km/t i ei 50-sone

Tre bilførarar fekk bøter for å ha køyrd for fort under ein trafikkontroll på E139 i Ålesund i natt. Høgaste fart blei målt til 82 kilometer i timen i ei 50-sone. Denne bilføraren fekk førarkortet beslaglagd og blir meldt for forholdet.