Hopp til innhold

Kan kortreiste klede reise norsk klesindustri?

Ein høyrer mykje om kortreist mat, men lite om kortreiste klede. Nøkkelen til å stoppe miljøversting kan vere langreist.

Strikkemaskinoperatør Kyo frå Japan på Tingvoll ull

KJAPP: Japanske Kiyo på Tingvoll styrer ei av landets mest avanserte strikkemaskiner.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kiyo set inn ull av norsk sau i den svinedyre japanske maskina. Han har flytta frå Japan til Møre og Romsdal – for å styre strikkemaskina.

No håpar fleire på ei gjenreising norsk klesindustri, med berekraft og kortreiste klede.

Arnar Lyche og Rose Bergslid visar alle ledda som skal til for å lage ein ullgenser.

GRÜNDARAR: Arnar Lyche og Rose Bergslid viser ledda som skal til for å lage ein ullgenser.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

3,90 kroner kiloen

Arnar Lyche er sauebonde på Nordmøre og ein av to gründerar i Tingvoll ull.

– Det begynte med at eg leverte 230 kilo ull og fekk 900 kroner i betaling.

– Det var litt lite, meiner du?

Ja, det var veldig lite. Eg hadde brukt fleire tusen på å klippe dei, så det var eit tapsprosjekt at ulla skulle bli brukt. På same tid var eg på Island og såg islandske ullklede overalt, det var ein del av identiteten deira.

Lyche starta opp med eigen klesproduksjon.

– Me meiner det er 100 % berekraftig, sidan genserane er reine naturprodukt.

I EU blir 80 prosent av all ull i dag kasta i søpla.

Det er eit tal sauebonden synast er forkasteleg.

Sauer på beite i utmark. Går over ei haustleg myr. Tre ulike rasar og ullfarger.

ULL: Her er sauene på tur før dei kvitta seg med ulla. Eit breitt sortiment av naturlege fargar.

Foto: Rose Bergslid

Ull-professor

Klede-professor Ingun Grimstad Klepp ved Oslo Met har vore med å designe ein av dei nye ullgenserane i Tingvoll.

– Norsk landbruk er meir enn mat. Og klede er meir enn global masseproduksjon. Me kan lage klede i Noreg, seier ho.

Professor i klede og berekraft Ingun Grimstad Klepp ved Oslo Met framfor jorder og kystlandskap i Tingvoll på Nordmøre.

DR. ULL: Professor i klede og berekraft Ingun Grimstad Klepp ved Oslo Met.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Utover 1800-talet blei tekstilar ein av Noregs viktigaste industriar. Dei fleste bygder hadde eige spinneri, og det var tett mellom syersker, veveri og fabrikkar.

I 1960 jobba 14 prosent av alle industriarbeidarar i Noreg med tekstil, men så gjekk det bratt nedover.

På 1980-talet tok den globale frihandelen over, og sidan har land med lave levekår laga kleda våre.

Kan ull og hamp gjenreise norsk klesindustri?

Klepp, som også er professor i berekraft, meiner at det meste med klesindustrien er lite berekraftig.

– Det gjeld frå måten dyr og menneske blir behandla på – til kjemikaliebruk og overforbruk. Lokale klede gir små utslepp frå transport, og her tar ein vare på råvarer som ville gått til spille, seier ho.

Professor Klepp peiker også på at ullkleda ikkje treng kjemisk farging.

Strikkemaskin Tingvoll ull ved innehavar Rose Bergslid.

MASKIN: Rose Bergslid i Tingvoll ull ved strikkemaskina til 1,3 millionar kroner.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Maskina frå Japan

Rose Bergslid i Tingvoll ull fortel at strikkemaskina deira er ei av tre slike i Noreg.

Kor mykje kjappare strikkar den genser enn du hadde gjort sjølv?

– Den brukar mellom 30 minutt og to timar på alt, avhengig av kor mykje mønster det er. For hand hadde det vel minst tatt ei veke, men eg kan jo ikkje strikke, fortel ho.

Det treng ho heller ikkje med ei maskin til 1,3 millionar.

– Dette er det nærmaste ein kan kalle ein 3D-printar når me snakkar om tekstil. Dessutan toler desse maskinene tjukk ulltråd, det er det ikkje mange andre strikkemaskiner som gjer.

Kyo frå Japan programmerer strikkemaskin på Tingvoll

NØKKELEN: Kiyo kjem frå same by som den avanserte strikkemaskina frå Shima Seiki. Har programmerer han ein ny ullgenser.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– I konkurranse med kunstig underprisa klede, er slike avanserte maskiner løysinga for norsk klesindustri, seier professor Ingun G. Klepp.

Den andre huda

Forskar Veronika Glitsch har doktorgrad i korleis kleda kan bli meir berekraftige, og driv sjølv med redesign og kortreiste klede.

Veronika Glitsch

FORSKAR: Veronika Glitsch er førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust Noreg.

Foto: Stein S Eide / NRK

– Klesproduksjon er ein av miljøverstingane globalt. Me må bli meir lokale, seier ho.

25 prosent av alle verdas kjemikaliar går til tekstilar, og enorme mengder vatn har blitt ureina frå produksjonen.

– Klede er den andre huda, så det er viktig å lage plagg som blir brukt mykje og lenge, seier Glitsch.

Eit favorittplagg blir gjerne brukt først i festlege lag, så på skule eller jobb, deretter i heimen før det endar opp ved måling av hytta.

Berre i Storbritannia hamnar kvart år brukbare klede til ein verdi av 2 milliardar kroner på dynga – med masse kjemikaliar og mikroplast.

Forskaren har veldig trua på norske klede.

– Me må også lage tekstilfibrane, og i Noreg har hamp og ull veldig gode føresetnader for å dyrke.

Ho meiner det er ein bonus at sauene også held naturlandskapet vårt opent.

Foring av sau ute på Tingvoll på Nordmøre.

ÅLREITE: Sauer kan gjere ein ålreit jobb i utmarka, i tillegg til å levere ull og fårikålkjøt.

Foto: Rose Bergslid

Treng me ull?

Men treng me meir ullklede, eller held det at folk berre har ein ullgenser liggjande?

– Me er nøydde til å bytte ut mikroplasten me går med, som fleece og oljebasert superundertøy. Så da treng me meir enn berre ein genser, seier forskar Glitsch.

Professor Ingunn G. Klepp poengterer også at med gode ullgenserar kan me skru ned på omnane heime og bruke mindre straum.

– Dessutan vaskar me bomullsklede veldig ofte, medan ullklede godt kan brukast nokre månader, ja kanskje eit år før me vaskar dei. Sveittelukt set seg ikkje i ull, så lufting er meir egna enn vasking for å få bort lukt, seier Klepp.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå dei hovudinvolverte i denne saka:

Vær av sau med horn, svart og kvit i trynet.

BREK: Få folk veit kva sauen tenker om norsk ullproduksjon.

Foto: Åse Tronstad