Hopp til innhold

Kommunen teier om arbeidsmiljøet

Den politiske og administrative leiinga i Stranda har torsdag hatt møte om arbeidsmiljøet i kommunen. Ingen vil snakke om kva som kom fram på møtet.

Rådhuset, Stranda

Rådhuset, Stranda

Foto: Odd Sørås / NRK

Til stades var ordførar Frank Sve, varaordførar Karl André Birkhol, fungerande rådmann Kjell Berge og einingsleiarane i kommunen. Berge leidde møtet. Han seier at det berre var ei meiningsutveksling, og at det difor ikkje er skrive møtereferat.

Ordførar Frank Sve har sagt at han ikkje har tillit til rådmann Ole Johan Lillestøl, og at han ønskjer ein annan i stillinga. Lillestøl er no sjukmeld.

Gunnar Bodahl-Johansen ved Institutt for Journalistikk seier at den haldninga NRK har møtt her, rimar dårleg med § 4 i Kommunelova. Den understrekar at kommunen skal drive aktiv informasjon om verksemda si og leggje forholda best mogleg til rette for offentleg innsyn. - I ei så viktig sak lyder det ikkje bra at det blir lagt eit så stort lokk over at ein ikkje eingong får vite kva det blir snakka om, seier Bodahl-Johansen.

Krev forklaring frå Sve