Hopp til innhold

Kommunelegen griper inn mot støyplager på Averøy

Averøy industripark må redusere støyen frå oljeplattformer i opplag som plagar naboane, det krev kommunelegen i Averøy.

Plattform Averøy

Støy frå fleire riggar som ligg i opplag i Averøy har vore så påtrengande at naboar har blitt sjukemelde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tidlegare denne veka kunne ein lese saka om at støy frå riggar som ligg i opplag i Averøy har vore så påtrengande at naboar har blitt sjukemelde.

Plattform like ved hus

Naboane til plattformene i Averøy har slite med konstant støy frå anlegget.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kommunen har tatt støymålingar og trudde at saka kunne løysast enkelt, men der tok dei feil. Den gamle reguleringsplanen seier nemleg ikkje noko om støy. Og denne støykjelda passar rett og slett ikkje inn i reglane som fylkesmannen og sjøfartsmyndigheita kan handheve.

– Det er ikkje heimel for verken fylkesmannen eller vegdirektoratet å pålegge tiltak fordi dette er støy som kjem frå aktivitet i sjø, og der er det ikkje noko generelle støykrav, forklarar Knut Mostad, rådmann i Averøy kommune.

Kan gå utover liv og helse

Men no kan historia truleg få ein lykkeleg slutt for naboane til industriparken. Kommunelegen grip no inn mot støyplanane, som han meiner kan vere helseskadelege, og har bedd Averøy Industripark å løyse problemet så snart som råd.

Knut Mostad, rådmann i Averøy kommune.

Knut Mostad, rådmann i Averøy kommune, håpar dei skal finne ei løysing på problema.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Enten så må selskapet redusere aktiviteten, eller så må ein eller begge plattformene fjernast frå område, seier Mostad.

Den eine av dei to plattformene skal ut på oppdrag like over nyttår, men kommunelegen sitt brev avgrensar også moglegheita til å hente inn nye plattformer. For kommunen blir utfordringa at dei har fleire roller. Dei ønske både å hjelpe dei støyplaga naboane, men dei ønsker også ein vekst for industriparken.

– Vi må finne ei løysing som alle partane er tent med på lengre sikt, seier rådmannen.

Averøy industripark seier at dei har tatt kontakt med sine kundane og stramma inn på aktivitetsnivået ved plattformene. Dei er også i dialog med kommunen for å få på plass ei meir langsiktig reguleringsplan for å minke støynivået.

– Eigarane har sagt at dei vil starte med reguleringsarbeid like over nyttår, så då håpar vi det kan bli ei betring på situasjonen, seier Mostad.