Hopp til innhold

Oljenedturen skaper hovudpine for folk i Averøy

Støy frå riggar som ligg i opplag i Averøy er så påtrengande at naboar har blitt sjukemelde. Hol i regelverket gjer det vanskeleg for kommunen å gripe inn.

Dårlege tider for oljebransjen gjer at folk i Averøy får vondt i hovudet.
Støyen frå riggar som ligg i opplag er så påtrengande at naboar har blitt sjukmelde.
Hol i regelverket gjer det vanskeleg for kommunen å gripe inn

Sjå tv-saka: På Averøy slit naboane med støy frå plattformer i opplag. Kommunen får gjort lite med problemet.

støyklage averøy

Støymålingar på rundt 60 desibel har blitt kvardagen for naboane Averøy industripark.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Jon Røsand i Averøy heng opp julelysa i håp om å kunne skape julestemning, men julefreden har han gitt opp for lengst. Han har nemleg fått ein ny nabo.

– På somrane kan vi sitte her ute og grille og det er heilt stille. No er situasjonen heilt annleis, det er berre å høyre bråket, seier Røsand medan han peikar mot riggen like ved bustaden hans.

– Det er i alle fall ikkje haldbart på natta, det er heilt sikkert, seier Frank Solheim, ein av dei andre naboane til riggen.

60 desibel har blitt kvardagen

60 desibel er rekna som helseskadeleg over tid. Det har blitt kvardagen for naboane til Averøy industripark etter at oljeprisen falt og sende arbeidsledige riggar til land.

Støy Averøy

Kommunen har gjort støymålingar, men det er lite dei kan gjere for å regulere problemet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er ein kraftig suselyd som aldri går vekk, så du kan aldri slappe heilt av, seier Røsand.

Kommunen har tatt støymålingar og trudde at saka kunne løysast enkelt, men der tok dei feil. Den gamle reguleringsplanen seier nemleg ikkje noko om støy. Og denne støykjelda passar rett og slett ikkje inn i reglane som fylkesmannen og sjøfartsmyndigheita kan handheve.

– Fylkesmannen anbefaler å regulere støy gjennom reguleringsplanen, men ein reguleringsprosess kan fort ta eit og eit halvt år, så det er liten trøyst for naboane no, seier Martin Ove Karlsen, leiar for plan- og teknisk avdeling i Averøy kommune.

Fryktar for framtida

Averøy Industripark som leiar ut kaiplassen påpeike at den eine av dei to riggane skal ut på oppdrag over nyttår og at mykje av støyen forsvinn med den. Men for dei som har levd tett på industriområdet i 25 år, er frykta at den nye støyen vil følgje den nye tida i oljeindustrien.

– Eg likar meg godt her. Eg har gode naboar og har ikkje lyst til å flytte i det heile tatt, men må eg så må eg, seier Røsand.