Hopp til innhold

Her vaksinerer kommunen over 2000 menneske for å øve

Kristiansund vaksinerer over 10 prosent av befolkninga for influensa i løpet av ei langhelg. Det vil kunne gjere dei godt rusta til koronavaksinen kjem.

Massevaksinering for influensa i Kristiansund

Prioriterte grupper får no tilbod om å ta influensavaksine. I Kristiansund blir over 2000 menneske vaksinert over ein langhelg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ein hall på storleik med tre handballbaner har Kristiansund kommune gjort om til ein diger vaksinestasjon. Kommunen har kapasitet til å sette influensavaksine på i overkant av 2400 personar frå torsdag til søndag, og dei håpar å nå kvoten.

Hittil har litt over 2000 meldt seg blant kommunens 24.000 innbyggarar.

Folk blir sloppe inn i puljar på 20 personar, som blir samla i små avskilte avlukke. Der gir helsearbeidarar sprøyte til éin etter éin.

Massevaksinering influensa i Kristiansund

Over 60 frivillige, helsearbeidarar og andre er i sving for å vaksinere folk i Braathallen i Kristiansund. Berre delar av hallen er i bruk.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Målet med å vaksinere så effektivt, er for å øve fram mot koronavaksinen er klar. Kommuneoverlegen synest dette er ein kjempeverdifull erfaring.

Kommuneoverlege i Kristiansund, Askill Sandvik

Smittevernoverlege Askill Sandvik meiner dei vil ha betydeleg større kapasitet når koronavaksinen kjem, så dei kan vaksinere mange på kort tid.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Når flyet med vaksinen kjem hit, må vi sette i gang vaksineringa ganske raskt. Har vi ikkje planlagt ordentleg og har logistikken klar, så vil vi få ein del utfordringar når vi skal vaksinere i stor skala, seier Askill Sandvik, kommuneoverlege i Kristiansund.

Han meiner også at det er viktigare enn nokon gong å ta influensavaksinen.

– Alle som får influensa i vinter vil måtte bli testa for koronavirus. Jo færre som blir sjuke med influensa, jo lettare er det å overvinne koronaviruset, seier Sandvik.

Strenge smittevernreglar

Alle som skal inn og ta vaksinen må måle feberen, sprite hendene og ha på munnbind.

Massevaksinering for influensa i Kristiansund

Karianne Monsø kjende seg trygg under massevaksineringa.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg var litt spent på korleis dei skulle gjere det med så mange på ein gong, men eg synest det har gått veldig fint. Det verkar som om dei har full kontroll, seier Synnøve Sylte Kleive, som fekk tatt vaksine torsdag kveld.

Det gjorde også Karianne Monsø.

– Det verkar som ein god idé å gjere det på den måten, og dei overheld jo alle smittevernreglar, så det kjenst trygt ut, seier Monsø.

Kan vere gunstig

NRK har spurt Helsedirektoratet om kva dei synest om denne måten å vaksinere på.

Assisterende helsedirektør Espen R. Nakstad i Helsedirektoratet.

Espen Nakstad er lege og assisterande direktør i Helsedirektoratet

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad svarar at dei at dei ikkje kjenner detaljane, men dersom godt smittevern blir vareteke, kan det vere ein stor fordel å bruke ein stor hall med god ventilasjon framfor trongare lokale.

Han meiner at dette også vil vere ein fordel når det etter kvart blir snakk om koronavaksinering.

Over all forventning

Beredskapssjef Torbjørn Sagen synest både interessa og gjennomføringa er over all forventning.

– Det er heilt fenomenalt, og det er utruleg greitt å sjå at all logistikken fungerer. Det er stilt, roleg, og alle gjer som vi seier, seier han.

Massevaksinering for influensa i Kristiansund

Folk blir slusa puljevis gjennom ulike inngangar til hallen. Før dei kjem inn må dei ta feberen og få på seg munnbind.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Denne helgen blir 120 personar vaksinert timen i hallen, men dei kan truleg tredoble kapasiteten.

– Men då må vi trene. Det er ingen plan som er perfekt første gong du prøver den, seier Sagen.