Hopp til innhold

Klippfiskheider i Grüne Woche

Klippfisken har unike kvalitetar og gjev unike smaksopplevingar, ifølgje prisutdelaren. Klippfisken Grand Reserva frå J&J Dybvik i Sula fekk merket «Spesialitet» under Grüne Woche i Tyskland.

Grune Woche

Det var stor stas då J&J Dybvik fekk utmerkinga «Spesialitet» under Grüne Woche i dag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Klippfisktilverkaren J&J Dybvik er no ein av femti norske bedrifter som har fått merket «Spesialitet». Dette merket er innført for å framheve det beste i norsk matproduksjon.

Grune Woche

Dette er frå opningsseremonien i Grüne Woche.

Foto: Volkmar Otto / Pressefoto

Prisen blei overlevert av fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen under den store mat og reiselivsmessa Grüne Woche i Berlin i dag.

– Det er på høg tid at norske forbrukarar oppdagar klippfisk og bacalao, som er noko av det fremste norsk fiskerinæring kan by på, sa fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen under utdelinga.

Bedrifta J&J Dybvik ligg i Sula, nabokommunen til Ålesund. Her har det vore drive klippfiskproduksjon i fleire generasjonar.

–Vi er svært stolte i dag. Dette er ei anerkjenning av vår bedrift. Vi er tredje generasjon som driv bedrifta. Vi har fått med oss handverkstradisjonane i fleire ledd, sa Jakob Dybvik under takketalen.

Grüne Woche er ei internasjonal messe som blir arrangert i Berlin. Messa legg stor vekt på ernæring, landbruk og hagebruk. I stadig større grad er også reiseliv blitt ein del av messa.