Hopp til innhold

Høgsterett seier nei til å ta Kleven-saka – kroatisk eigar må punge ut 120 millionar

Høgsterett har sagt nei til å gjennomføre endå ei rettssak etter at Kleven Verft gjekk konkurs. No har konkursbuet hyra advokatar for å sikre millionar frå den tidlegare eigaren.

DIV Group er av at de største industriselskapa i Kroatia og er eigd av Tomislav Debeljak som også er administrerende direktør.

Tomislav Debeljak var eigar for Kleven verft på Sunnmøre ein kort periode. I ettertid blei han saksøkt.

Foto: Tom Dubravec / Cropix

Tidlegare i vår blei den omstridde, tidlegare eigaren, Tomislav Debeljak, dømd til å betale over 120 millionar kroner i erstatning etter konkursen av sunnmørsverftet Kleven.

Han bestemte seg for å anke til Høgsterett, men dei seier no nei til å behandle saka endå ein gong, opplyser bustyrar Bjørn Åge Hamre.

Dermed er dommen frå Gulating lagmannsrett rettskraftig.

– Det set eit endeleg punktum for ei ganske krevjande og langdryg sak der det har vore mykje på spel frå buet si side, seier bustyrar Bjørn Åge Hamre.

– Kor enkelt blir det å krevje inn pengane frå Debeljak?

– Det reknar vi med blir ganske krevjande, men vi er i ferd med å engasjere advokatar i Kroatia for å hjelpe til buet med den jobben.

Også Tryg Forsikring anka dommen, men også denne seier Høgsterett nei til:

«Ankeutvalet finn samrøystes at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til at saka blir fremma for Høgsterett, jf. tvisteloven § 30–4. Anken vert derfor ikkje fremma.»

Bostyrer ved Kleven Verft, Bjørn Åge Hamre.

Bustyrar for konkursbuet til Kleven verft, Bjørn Åge Hamre.

Foto: Frode Berg / NRK

Blei slått konkurs etter tre månader

I 2020 tok kroatiske DIV Group over verftet i Ulsteinvik, til stor glede og optimisme. Men berre tre månader etterpå blei verftet slått konkurs, og 441 tilsette permittert.

I åra etterpå har det vore to rettssaker.

I november 2023 blei Debeljak frifunnen i Hordaland tingrett, men lagmannsretten snudde og dømde han til å betale 120 millionar i erstatning. Tryg Forsikring måtte betale vel 30 millionar.

I tillegg måtte dei betale sakskostnader.

Lagmannsretten slo fast at konkursbuet hadde krav på erstatning for tap forårsaka av «Debaljaks aktlause handlingar og unnlatingar». Retten konkluderte også med at Debeljak handla i strid med aksjeloven §17–1 om styreansvar.

Debeljaks forsvarar sa i rettsaka at Debeljak hadde ein svært krevjande økonomi og familiesituasjon.

Les også Seier han er nibarnsfar på minsteløn - saksøkt for 130 millionar

Tomislav Debeljak er eier og administrerende direktør i DIV Group som har kjøpt Kleven i Ulsteinvik

Slepp ikkje å betale

Lagmannsretten vurderte tidlegare i vår om det var grunnar for at den tidlegare eigaren ikkje skulle betale heile erstatninga.

Konklusjonen var nei:

«Sjølv om Debeljak våren 2024 fremla det som på fristen for bevisprovokasjon låg føre av etterspurde opplysningar, har han i etterkant framlagt svært lite dokumentasjon til belysning av sin reelle økonomiske situasjon. Han har vist til og dokumentert at han hadde svært avgrensa inntekt i 2022 og 2023, samt at han har forsørgingsbyrde for sju barn», står det.

Han meiner at dommen ikkje er riktig

Tomislav Debeljaks advokat, Mari Wetlesen ved Deloitte Advokatfirma, seier fredag at ho har vore i kontakt med sin klient.

– Han er sjølvsagt veldig skuffa over at dommen frå Gulating lagmannsrett no er rettskraftig. Han meiner at dommen ikkje er riktig, og at han handla i Kleven Verfts interesse.

Wetlesen seier Debeljak no vil bruke tida framover på å fordøye nyheitene og utforske moglege neste skritt.