Det var eit klatrefølge på tre vaksne menn som var på veg opp til Romsdalshorn i Rauma, då den eine sette seg fast og ikkje kom seg verken opp eller ned torsdag kveld.
Då meldinga kom blei det torsdag kveld gjort forsøk på å hente dei ned med helikopter.
Den første planen var å bruke berre helikopter, men etter kvart blei tre personar frå Norsk Alpin Redningsgruppe frakta opp til toppen av fjellet. Der leda dei mannen dei siste cirka 70 meterane opp til toppen. Så blei også dei to andre hjelpte til topps.
Dårleg ver
Dårleg ver gjorde at helikopteret ikkje kunne hente dei ned med ein gong. Lokale folk fortel til NRK at det var kraftig regn og kastevind delar av natta. Men det står ei steinhytte på toppen, slik at både klatrefølget og dei tre frå NARG fekk ly.
Ifølge politiet var det difor ingen som leid nokon nød, og ingen var skadde.
Eit kvarters tid før klokka 04 blei arbeidet tatt opp igjen og luftambulansen starta med å hente personane ned frå fjellet. I tur og orden blei alle henta ned, og redningsarbeidet var ferdig klokka 04.20. Då var det ingen som hadde behov for helsehjelp.