Hopp til innhold

Klare til fest

Både oransje og blå supporterar var klare til fest i Ålesund.

Aalesundsupporterane har brukt heile dagen på oppvarming.
Foto: Olaug Bjørneset

Følg kampen her

Byen var allereie i morgontimane farga oransje og blått av MFK- og AaFK-supporterar.

Dei blå møter mannsterke opp på Color Line stadion i dag.

Dei blå møter mannsterke opp på Color Line stadion i dag.

Foto: Olaug Bjørneset

Trur på siger

Jorunn Schønefeld er klar til kamp.
Foto: Olaug Bjørneset

AaFK-supporter Jorunn Schønefeld er ikkje i tvil om kven som vinn kampen.

– Dette vinn vi. Eg tippar 2-0.

– Er du nervøs?

– Nei. Det ser bra ut. Eg håper alle er frsike og kan trå til. Denne gangen MÅ det gå bra. Eg trur Rekdal taklar bra at vi er favorittar denne gongen. Men ein veit no aldri...

– Så litt nervar har du?

– Ja, litt må det vere, seire Schønefeld.

Frå venstre: Stig, Espen, Erling og Janne Salamonsen.

Frå venstre: Stig, Espen, Erling og Janne Salamonsen.

Familien Salamonsen skal også på kamp. Dei ser på dette som ein fin familieaktivitet.

– Og det blir siger, slår pappa Stig Salamonsen fast.

- Som å kome heim

Men det er ikkje berre oransje å sjå i Ålesund i dag. Dei blå vil også gjere seg gjeldande i nabobyen. På veg til samlingsplassen til Molde, Hoffmann, møter NRK, Astrid Farstad. Ho bur i Ålesund, men kjem frå Fræna, og er ikkje i vil om kven ho skal heie på i dag.

– Eg er veldig flink til å heie på Ålesund - men ikkje når dei møter Molde. I dag er det Molde som vinn 2-1. Hoseth skårar, Aarøy skårar, og det andre målet til Molde er eg ikkje heilt sikker på, seier Farstad.

Astrid Farstad er frå Fræna, bur i Ålesund og heiar på Molde.
Foto: Olaug Bjørneset

Ho jobbar i barnehage i Ålesund, og vedgår at ho forsøker å få borna til å heie på dei blå.

– Eg får dei til å rope heia Molde, og så sender eg mobilsnuttar til fedrene deira, seier Farstad.

Så er vi komne fram til Hoffmann, og intervjuet er over.

– No er eg heime, seier Astrid Farstad!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL