Hopp til innhold

KBK vann kvalikkamp med 4–2

Med seks minutt overtid greidde Kristiansund putte fire mål mot Kongsvinger sine to. På bortebane greidde nordmørslaget kvalifisere seg til opprykksfinalar for Eliteserien for neste sesong.

Det var ein jamn kamp med tanke på avslutningar på mål, ballbesittelse, hjørnespark og gule kort. Likevel gjorde KBK det best. Oskar Sivertsen og Benjamin Stokke putta kvart sitt mål, medan Marius Broholm fekk to ballar i nettet og skåra dei siste måla for laget.

Oskar Sivertsen scorer mål for Kristiansund Ballklubb. Mot Kongsvinger
Foto: Annika Byrde / NTB

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL