Hopp til innhold

Katten Sigrun stakk av med ferja

Familien trudde katten var overkøyrd eller tatt av rev. Ein månad seinare dukka ho opp i ei veglaus bygd.

Elisabeth Årseth Dimmen saman med katten Sigrun som rømte med ferja, som ligg bak dei.

Det var eit gledeleg gjensyn mellom katten Sigrun og matmor Elisabeth Årseth Dimmen etter fire veker frå kvarandre.

Foto: privat

Den fire år gamle katten Sigrun eller Stripa, som ho også blir kalla, er eit kjent syn i den vesle bygda Sæbø på Sunnmøre. Sommartid kryr det av turistar her og katten er eit ynda fotoobjekt.

– Sigrun er meir som ein hund. Ho er ein sosial type og går tur saman med oss, seier matmor Elisabeth Årseth Dimmen.

I desember forsvann plutseleg katten. Ho brukar aldri å vere ute om natta, så familien blei bekymra då ho ikkje kom heim. Dei leita over alt, ropte på henne og sjekka om ho kunne vere innestengt nokon plass.

Trudde katten var død

Leitinga gav ingen resultat og med tida frykta familien det verste.

– Eg tenkte at reven hadde tatt henne eller at ho hadde blitt påkøyrd. Ho var ikkje redd bilar og sat ofte midt på vegen, seier Dimmen. Det er dottera Karoline som eig katten, men ho jobbar i Forsvaret i Bardufoss.

Då ho kom heim frå juleferie og katten var borte, var det sorg i heimen.

– Vi har hatt mange kattar, men Sigrun er heilt spesiell, seier Elisabeth.

Per Kato Trandal har bada katten Sigrun og prøver å børste ut flokane.

Per Kato Trandal var innstilt på å adoptere katten, sidan ingen på Trandal kjende til den. Her har Sigrun blitt bada og det likte ho ikkje særleg godt.

Blindpassasjer på ferja

Fire veker etter forsvinninga dukka det plutseleg opp eit bilete av Sigrun på ei facebookgruppe. Katten var funnen på andre sida av fjorden. I den veglause bygda Trandal.

Sigrun har ikkje svømt, men må rett og slett ha lurt seg om bord i ferja.

Dei første vekene er det ingen som har sett katten, men i helga kom Per Kato Trandal og dottera Frida plutseleg over den mjauande katten då dei var hos bestemor på middag.

Det var minusgrader, og Per Kato tenkte at katten måtte heim til eigaren. Han var sikker på at den stripete katten tilhøyrde naboen to kilometer unna.

Han avtalte over telefon at han kunne sleppe katten inn i kjellaren sidan naboen var bortreist. Problemet var at Sigrun slett ikkje var naboen sin katt.

Neste dag stod ho igjen på trappa hos bestemor og mjaua. Då forstod dei at katteeigar måte etterlysast i sosiale medium. I mellomtida fekk Sigrun både rikeleg med mat og eit bad.

– Vi var innstilte på å adoptere henne. No får vi skaffe oss ein annan katt, seier Per Kato.

Frida Støylen Trandal og Vilja Ekremsæter Storeide på ferja saman med katten Sigrun

Frida Støylen Trandal og Vilja Ekremsæter Storeide på ferja saman med katten Sigrun, som skal heim til eigaren sin.

Foto: Per Kato Trandal

Må feitast opp

Elisabeth Årseth Dimmen blei overraska då ho såg biletet av Sigrun på Facebook.

– Vi blei veldig glade. Det var heilt utruleg. Ho må ha overlevd på mus eller noko, seier Elisabeth.

Måndag morgon fekk katten og matmor endeleg møtast igjen. Då kom Sigrun på ferja saman med Per Kato og Frida som skulle i barnehagen. Katten er tynnare enn ho brukar og har både fått fisk og ekstra godsaker for å feitast opp.

– Heretter får vi passe på at ho ikkje reiser med ferja. Eller avtale med mannskapet at dei må sette henne på land dersom dei oppdagar ein blindpassasjer, ler Elisabeth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL