Hopp til innhold

Katt og piggsvin bestevenner

Ein katt som tek seg av ein piggsvinfamilie, går det an? Ei solskinshistorie frå ein hage i Ålesund.

Katten og piggsvina

Pass deg no!

Foto: Privat foto

I radioprogrammet Naturtelefonen fredag fortalde Vigdis Hovland frå Spjelkavik i Ålesund om katten sin og forholdet til ein piggsvinfamilie som heldt til i hagen i fjor.

Seks små ungar

Ho oppdaga dei ein dag ho var ute og ordna i eit blomsterbed der jorda er dekt av bark. Brått var det som om barken levde, og då ho såg skikkeleg etter, oppdaga ho seks bittesmå piggsvinungar. Dei gjekk nesten i eitt med barken. Ho syntes det var kjekt med piggsvin i hagen, men var usikker på om katten ville ta dei vesle ungane. Men nei, katten var nyfiken på dei vesle skapningane, ho snusa på dei, og etterkvart gjekk dei i lag alle, piggsvinmora også, som om dei var gode vener. Ja, det verka som om katten adopterte piggsvinungane. 

Piggsvin i Hovlands hage
Foto: Privat foto

Ut på tur

Kvar dag gjekk heile den vesle piggsvinfamilien og katten langs støyskjermen i hagen. Til slutt vart det ei rås etter dei. Ein dag klatra ein av ungane opp på murkanten ved støyskjermen, som om han ville prøve å kome under der, men då var katten raskt på pletten. For Vigdis Hovland såg det ut som om katten sa ifrå om at det måtte han ikkje prøve på, der var det for høgt og farleg.

Piggsvina var i hagen heile sommaren, fekk kattemat og vatn, og ungane voks til. Om hausten gjekk dei dvale. Hovland håpa dei skulle dukke opp igjen i sommar, men det gjorde dei ikkje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL