Hopp til innhold

Protesterer mot vigsel av homofile par

Bispemøtets tidlegare preses Olav Skjevesland melder seg ut av Presteforeningen i protest mot vedtaket om vigselsliturgi for homofile par.

Olav Skjevesland

Den tidlegare biskopen i Agder og Telemark, Olav Skjevesland,.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Den tidlegare biskopen i Agder og Telemark er ueinig både i kjernen i vedtaket i Presteforeningen og sjølve saksbehandlinga. Han har vore medlem i foreininga i 44 år, skriv Dagen.

– Vi har hatt høringer på buplikt og alt mogleg anna, men her har Presteforeningen gått rett på vedtak, seier Olav Skjevesland til Dagen.

– Burde trekt fråsegna

I desember gjekk Presteforeningens sentralstyre inn for at Den norske kyrkje bør innføre vigselsliturgi for samkjønna par. Vedtaket førte til ein straum av utmeldingar både frå aktive prester og pensjonistar.

– Denne saka var så dårleg behandla at dei burde ha trekt heile fråsegna. Når dei ikkje trekkjer sitt vedtak, trekkjer eg meg, seier biskop emeritus Skjevesland.

Eit einstemmig representantskapsmøte i foreininga gav onsdag styret kritikk for den organisatoriske behandlinga av saka. Sjølve vedtaket blei det ikkje sett spørsmålsteikn ved.

Presteforeningen hadde 2.507 medlemmer ved inngangen til 2013. Like før jul hadde omkring 50 meldt seg ut.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark