NRK Meny
Normal

Kan få 700 prosent auke i husleiga

Aalesunds Kunstforening kan få ei husleigeauke på 700 prosent. Det vil skje om Ålesund kommune får det som dei vil.

Anne Standal og Inger K. Giskeødegård

Anne Standal (t.v.) er intendant i kunstforeininga, her i lokala i Parken Kulturhus. Lokala kan måtte bli byta ut om husleiga blir sjudobla. Her er Standal saman med billdekunstnar, illustratør og avisteiknar Inger K. Giskeødegård.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

I september sa Ålesund kommune opp leigeavtalen med Aalesunds Kunstforening – som held til midt i bysentrum, i Parkgata 3 i Parken Kulturhus.

Skal kunstforeininga halde fram i dei same lokala, må dei ut med nesten 850.000 kroner i husleige. Det er nær 700 prosent auke frå dei 122.000 kronene dei har betalt til no.

Grunnen til prisauke er at det no er Ålesund kommunale Eiendom som tek over utleigeavtalen, og dei meiner husleige kunstforeininga hittil har betalt ber preg av kommunale tilskot.

– Vi har fått i oppdrag frå bystyret å fastsetje husleiga for kunstforeininga sin leigeavtale – på lik linje med andre kommunale bygg, seier styreleiar i Ålesund kommunale Eiendom (ÅKE), Inger Marie Sperre.

Inger Marie Sperre

Inger Marie Sperre meiner husleiga helst bør spegle marknadspris.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Har ikkje konkurrert på lik linje

Husleiga skal nemleg frå no av helst spegle marknadspris, seier Sperre. Ho fortel at avtalen som har vore fram til no har vore svært fordelaktig, og at den kommunale støtta ikkje har vore synleggjort.

– Kunstforeininga har dermed ikkje konkurrert om dei lokale tilskota på lik linje med andre, meiner Sperre.

– Kva reaksjonar har de fått frå Aalesunds Kunstforening om dette?

– Kunstforeininga har gjeve den tilbakemeldinga at dei ikkje vil vere i stand til å betale husleige på dette nivået. Vi i ÅKE tenkjer at det no vil vere naturleg at kunstforeininga går i dialog med Ålesund kommune for å finne måtar å finansiere dette på, slik som andre kulturinstitusjonar gjer.

Avtalen har ikkje blitt reforhandla

På sine eigne nettsider har Aalesunds Kunstforening skrive om saka. Der skriv dei mellom anna at kommunen ikkje har endra husleiga eller reforhandla avtalen sidan 2006 – sjølv om dette kunne gjerast i 2010.

Kunstforeininga hevdar difor at dei har betalt det kommunane har forlangt i leige. Dei skriv at det kom som eit sjokk då leigekontrakten blei overført til Ålesund kommunale Eiendom og husleiga blei nær sjudobla.

Vidare seier styret i kunstforeininga:

Kunstforeininga sine samla driftskostnader er i storleik 1,7 millionar per år, inklusiv personalkostnader for to faste tilsette. Inntektene kjem i all hovudsak frå overskotet på sal av kunst frå våre utstillingar. (...) Den føreslåtte auka av husleiga på 725.000 inneber ei auke av driftskostnadene med cirka 43 prosent. Når driftsresultatet i kunstforeininga dei fire siste åra har ligge mellom +5000 og -50.000 seier det seg sjølv at dette ikkje er levedyktig.

Styret i Aalesunds Kunstforening

Sperre i ÅKE seier at bystyret no bør behandle saka.

– ÅKE sender no saka til rådmannen, som då må ta stilling til korleis bystyret skal handtere det vidare.

– At politikarane i Ålesund skal ta stilling til kor stort tilskot Aalesunds Kunstforening skal få, vil vere naturleg. Også sett opp mot dei andre kulturtilboda som ønskjer kommunale støtte, meiner Sperre.

– Ingen som ønskjer avvikla drift

Blir det sjudobling av husleiga, kan det uansett bli kritisk for kunstforeininga.

– Er det fare for at kunstforeininga må flytte ut av Parken Kulturhus med såpass høg leige?

– Det er ingen i Ålesund kommune som ønskjer at kunstforeininga skal avvikle si drift. Det politikarane ønskjer at det kommunale tilskotet som har vore gjeve skal synleggjerast og at kunstforeininga samstundes klarer å få inntekter frå andre hald, seier Sperre.

– Vi ser for oss at kunstforeininga på denne måten vil få moglegheit til å synleggjere det arbeidet dei har gjort for kommunen, og setje ein pris på dette. Dei vil ha moglegheit til å leige ut lokala sine til andre aktørar, samstundes som dei kan be kommunen om kommunalt tilskot på lik linje med andre, avsluttar styreleiaren i ÅKE.