Hopp til innhold

Kan bli skjenkestopp klokka 02.00

Skal uteplassane i Ålesund stenge kranene klokka 02.00, eller skal dei få skjenke fram til klokka 03.00 slik som det er no? Det er eitt av spørsmåla bystyret i Ålesund skal diskutere torsdag ettermiddag.

Magnus Bjørstad

Magnus Bjørstad kan måtte stenge kranene klokka 02.00 på uteplassen Piano i Ålesund dersom skjenketida vert innskrenka.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Alkohol- og skjenkepolitikk er noko av det som står på agendaen når Ålesund bystyre skal møtast torsdag ettermiddag. Eitt av forslaga i ein ny ruspolitisk handlingsplan er at skjenketida skal kortast ned med éin time.

Leiar i Aalesund Bartenderforening, Magnus Bjørstad frå utestaden Piano, meiner det er heilt feil å innskrenke skjenketidene.

– Vi har aldri hatt så god kontroll som no. Vi skjønar ikkje heilt kva problem politikarane vil løyse med dette tiltaket.

Ifølgje Sunnmørsposten foreslår rådmann Astrid Eidsvik også å stoppe alkoholsalet i daglegvarebutikkar to timar tidlegare enn i dag.

– Flyttar festen til gatene

Fleire kommunar som har stramma inn skjenketidene opplever ein merkbar nedgang i talet på valds- og ordensforstyrringar og det er noko av grunnen til at KrF, Ap, MDG og SV ønskjer å gjere det same i Ålesund.

Monica Molvær

Monica Molvær (H) vil prøve å overtyde bystyret i Ålesund om at tidlegare skjenkestopp ikkje er rette vegen å gå.

Foto: Trond Vestre / NRK

Magnus Bjørstad meiner denne delen av handlingsplanen er lite gjennomtenkt, og trur at tidlegare skjenkestopp heller vil føre til meir uro.

– I dag kan folk gå heim når dei er fornøgde, no vert folk tvungne til avslutte ein time før dei vil og då er det skapt eit problem.

Han får støtte frå politikar Monica Molvær (H), som ønskjer å stryke punktet om kortare skjenketid frå planen. Ho er redd folk heller tek festen ute i gatene.

– Dersom ein stengjer tidlegare, er det fleire som skal ta taxi samtidig, det er fleire som skal kjøpe seg mat samtidig og det gir ein meir brå slutt på kvelden.

Strengare alkoholpolitikk

Simon Molvær Grimstad KRF

Simon Molvær Grimstad (KrF) meiner det berre vil vere dumt å ikkje sjå på erfaringane andre kommunar som har innskrenka skjenketida har gjort seg.

Foto: Roger Oldeide / NRK

Simon Molvær Grimstad og KrF, derimot, meiner politikarane i Ålesund har vore for liberale og ønskjer ein meir restriktiv alkoholpolitikk. Han viser til erfaringane frå dei andre kommunane.

– Det vil vere dumt av oss å ikkje ta lærdom av det. KrF ønskjer eit trygt uteliv, der det er kjekt å vere ute og der alle kan ha det bra. Det er motivasjonen for å stramme inn.

– At festen er over er kjipt, uansett klokkeslett. Men dersom folk går ut ein time tidlegare, så kan festen vare like lenge. Dersom folk er innstilte på å endre vanane dei har i dag, så trur eg utelivet i Ålesund vert både tryggare og kjekkare i tida framover.

– Vi må lytte til bransjen.

Molvær fekk lite støtte i Helse- og velferdsutvalet då dei behandla planen 14. november, men torsdag ettermiddag vil ho prøve å overtyde bystyret om at utestadane i Ålesund skal få halde fram med å selje alkohol til klokka 03.00.

– Vi må lytte til bransjen, det er dei som veit best. I tillegg vil eg fortelje om kor viktig det er at vi har eit levande bysentrum og eit variert uteliv som gjer at vi har eit godt tilbod.