Hopp til innhold

- Bygg skipstunnel med bompengar

Gunn Berit Gjerde frå Venstre vil ha i gong bygging av skipstunnelen på Stad etter nok ein rapport frå Kystverket.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

SKOT FOR BAUGEN: Stadhavet er ikkje farleg nok til å byggje Stad Skipstunnel, viser ein ny rapport frå Kystverket.

Foto: NORDWEST3D

Ho foreslår ei alternativ og kontroversiell finansiering, etter at ein rapport seier at det ikkje er farleg nok å reise over Stadhavet.

- Det er veldig nedslåande at det kjem nok ein rapport som går att og fram, seier Gjerde.

- Brukerane kan betale

Gunn Berit Gjerde

BOMPENGAR: Gunn Berit Gjerde (V) vil gjerne ha bompengar for å realisere Stad Skipstunnel.

Foto: Terje Reite / NRK

- No meiner eg at me må bruke dei utgreiingane som me har, og starte opp ved hjelp av bompengar.

Venstre-politikaren meiner no at bompengar er ein god ide for å få i gong prosjektet etter at tunnelen har vore utgreia 17 gonger.

- Det er nyttetrafikk for passasjerar, og det er gods. Då må dei som bruker tunnelen vere med på å betale den etter bruk, meiner ho.

- Meiningslaust

Ho seier at ho har undersøkt moglegheitene, og kome til at det fins system som kan brukast til dette.

Oskar Grimstad

EINIG OG UEINIG: Oskar Grimstad (FrP) er einig i at tunnelen bør byggjast, men ueinig i korleis den skal finansierast.

Foto: Åge André Breivik

Sambygdingen Oskar Grimstad (FrP) er ikkje heilt samd med Gjerde.

- Det er den tradisjonelle visa frå politikarar som ikkje har evne til å ha idear om anna enn at det skal finansierast av andre. Det er meiningslaust på eit slikt prosjekt, seier han.

- Politisk bestillingsverk

Likevel er han samd med Gjerde på fleire punkt. Kystverket bør setje i gong bygging, seier han, og er skeptisk til bakgrunnen for rapporten som no har kome.

- Det er særs skuffande at ikkje Kystverket kan manne seg opp og på fagleg grunnlag gje ei anbefaling på noko som er ynskt og som er samfunnsøkonomisk gunstig å køyre i gong. Dette framstår som eit politisk bestillingsverk frå departementet, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL