Onsdag var det klart at tunnelen som skal la skip sleppe å sigle over det farlege Stadhavet skal utgreiast nok ein gong.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Dei bør manne seg opp
SKUFFA: Olav Bratland (H) ber regjeringa skjerpe seg.
Foto: Gunnar Sandvik/NRKFylkesordførar Olav Bratland i Møre og Romsdal er svært kritisk til at Stad skipstunnel igjen vert utsett.
- Når prosjektet vert utgreia 17 gonger og det framleis ikkje er nok - då kan ein snakke om å narre folk, meiner Bratland.
Som leiar for Vestandsrådet har Bratland tatt opp saka med dei tre andre fylka i rådet. Heile Vestlandet kjem til å leggje eit felles press på regjeringa.
- No bør regjeringa manne seg opp og seie om dei ynskjer prosjektet eller ikkje.
Ap-Aasen også skuffa
SKUFFA: Jon Aasen (Ap) er skuffa over eiga regjering.
Foto: Trond Vestre / NRKOgså tidlegare fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal likar dårleg den nye utgreiinga.
- Eg vart veldig skuffa då eg høyrde det. Viss det er noko prosjekt som er utgreia i det uendelege, så er det Stad skipstunnel.
Aasen fryktar politikarane vil vakne for seint.
- Me kan jo risikere ei brutal og stygg ulukke på Stadhavet. Då er det litt seint å starte på tunnelen, seier Aasen.
MODELL: Stad skipstunnel har lagt på teiknebrettet i årevis.
Foto: KYSTVERKET / SCANPIXLES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Vil erobre Vestlandet
Partisekretær Raymond Johansen har tidlegare sagt at Arbeidarpartiet sitt mål er å erobre Vestlandet.
- Viss vestlendingane skal føle at partiet er på deira side, må Ap byggje infrastruktur på Vestlandet, seier Aasen.