Hopp til innhold

Jordras i Vanylven

Vanylven kommune melder om at det har gått eit jordras på Takset ved Syvdefjorden. Det er busetnad nedanfor der det har gått ras. Kommunen skriv vidare at dei har hatt synfaring i området i dag, og hatt dialog med NVE knytt til eventuell fare. Dei har vurdert at det ikkje er behov for evakuering, men har likevel bede ein geolog om å sjå på rasområdet sundag føremiddag.