Hopp til innhold

Jomfruhopp frå Kalskråtind

Fint ver og gode forhold gjer at basehopparane har trekt til Romsdalen siste dagane. For den eine hopparen var det ein spesiell dag.

Basehopp i Rauma
Foto: Per Gunnar Indreeide / NRK

Hans Kristian debuterte som basehoppar frå Kalskråtind i går.

Jomfruhopp

Kalskråtind

Kalskråtinden i Romsdalen.

Foto: Per Gunnar Indreeide / NRK

Han vil ikkje stå fram med etternamn fordi somme ikkje likar så godt hobbyen han har. Han har hoppa ein del frå fallskjerm, men aldri basehopp.

Inn for landing

Hans Kristian inn for landing.

Foto: Per Gunnar Indreeide / NRK

- Det var sinnsjukt deilig. Eit overveldande sanseinntrykk. Eg fekk noko av den same kjensla som då eg hoppa i fallskjerm for første gong, fotel han.

Fire timar opp

Letta basehoppar

Ein letta Hans Kristian

Foto: Per Gunnar Indreeide / NRK

Sjølve hoppet varte i vel eitt minutt. I ti sekund var Hans Kristian i fritt fall og om lag eitt minutt gleid han med utslått skjerm.

Før han fekk vel eitt minutt med kick, så måtte han og kompisane gå vel fire timar i bratt motbakke for å nå Kalskråtinden. Det var vel verdt slitet.

- Eg kjende glede, redsel og spenning då eg stod på toppen. Etter eg hadde landa var eg sinnsjukt letta. Det var deilig.

Mange tilskodarar

Tilskodarar til basehopping

Basehopping tilskoderar.

Foto: Per Gunnar Indreeide / NRK

Mange føl med når basehopparane hoppar ut frå fjelltoppane. Då Hans Kristian og kompisane hoppa, sat det fleire tilskoderar med kikert og følgde med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL