Hopp til innhold

Innbyggarar på Folkestad krev betre beredskap

På Folkestad i Volda kommune på Sunnmøre fryktar dei at hjelpa kjem for seint når det brenn på natta. Nyleg brann eit hus ned til grunnen. No krev dei heilårsberedskap på ferja som kryssar fjorden.

Branntomt Folkestad

Dette er restane av det eldre bustadhuset som brann ned på Folkestad i september i 2023. Folk i bygdene på denne sida av fjorden seier dei treng heilårsberedskap for ferje mellom Folkestad og Volda slik at det raskare kan kome brannmannskap frå hovudstasjonen i Volda sentrum

Foto: Arne Flatin / NRK

På branntomta på Folkestad ein månad etter brannen. Berre ruinane står att og folk i bygda ser bekymra bort på restane av det som var ein heim. Leiaren for grendeutvalet, Cecilie Børtveit, meiner nok er nok.

Cecilie Børtveit, Volda

Cecilie Børtveit er leiar for grendeutvalet på Folkestad i Volda. Ho synest

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er ein svært alvorleg situasjon at vi ikkje har beredskap heile året. Med ein slik beredskap hadde det vore større sjansar for å berge både liv og verdiar, seier ho.

Ho er også klar på at ein må lære av dei erfaringane som vert gjorde no når neste anbodsrunde skal lysast ut om nokre år.

Folk på Folkestad kjenner seg litt åleine. Det er 15 minutt med ferje over frå Volda. Mange pendlar på ferja kvar dag. Om natta er det berre beredskap i fire vintermånader, men av heilt andre grunnar enn fare for brann. Dei er avhengige av å få hjelp frå hovudbrannstasjonen i kommunesenteret på andre sida.

Brann på Folkestad i Volda i sept

Det brann heftig i det gamle bustadhuset på Folkestad i september.

Foto: Volda brann og redning / NRK

Kommunen må presse hardare på

Oddbjørn Følsvik

Oddbjørn Følsvik er med i det frivillige brannvernet på Straumshamn.

Foto: Arne Flatin / NRK

Oddbjørn Følsvik er ein av dei frivillige i det lokale brannvernet på denne sida av fjorden. Han synest kommunen bør presse meir på for å få heilårsberedskap.

– Eg veit at det har vore kontakt mellom partane, men eg håper på meir påtrykk, seier han.

Som frivillig i brannvernet på Straumshamn er han i førstelinja når det brenn, men det utstyret dei har er avgrensa.

– Brannkorpset vårt har berre det vi kallar førsteinnsatsen. Det er enkelt utstyr for livbergande førstehjelp i tillegg til brannpumpe og slangar. Så det er mest for å førebu brannfolka frå Volda når dei kjem til staden, seier Følsvik.

Ferjekaibilde Volda

Ferjekaia i Volda der det går ferje mellom Volda og Folkestad og Volda og Lauvstad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Noverande avtale går heilt fram til år 2030

Statens vegvesen inngjekk avtale med reiarlaget Norled for nokre år sidan. Selskapet vann anbodet framfor Fjord1. I anbodet var det ikkje noko krav om beredskapsferje om natta. No er det sju år til neste anbodsperiode. Dermed må det tilleggsløyvingar inn om det skal verte heilårsberedskap.

Ordførar Sølvi Dimmen, Volda

Sølvi Dimmen er ordførar i Volda. Ho har alt vore i kontakt med Statens vegvesen med tanke på å diskutere heilårsberedskap for ferja mellom Volda og Folkestad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, seier dei alt har vore i telefonisk kontakt med Vegvesenet med tanke på å diskutere full beredskap. Dette vil kommunen følge opp med å få til eit møte, seier ho til NRK.

Heller ikkje vinterberedskap i fire månader låg inne i anbodet, men dette vart lagt inn i etterkant som ei ekstraløyving frå Samferdselsdepartementet både for vinterberedskap og ekstra avgangar på helg.

– Om vi skal få til heilårsberedskap for ferja må det finansierast gjennom eit tilleggskjøp, seier Dimmen. På spørsmål om kommunen kan bidra svarar ho lattermildt at dersom dei var ein rik kommune, så kanskje, men dette må kome frå anna hald, seier ho.

Ikkje vanleg med ferjeberedskap

Dag Hole, direktør ferjekontoret, Statens Vegvesen

Dag Hole er avdelingsdirektør, ferjekontoret, Statens vegvesen

Foto: Statens vegvesen

I Molde sit avdelingsdirektøren for ferjesaker i Statens vegvesen, Dag Hole. Han seier til NRK at det ikkje er vanleg med ferjeberedskap i slike anbod. Dei konsentrerer seg om helseberedskap.

Han stadfestar at Volda kommune har teke kontakt og at det dermed truleg vert eit møte om denne saka i nær framtid.

Han trur likevel ikkje det er sannsynleg at dei har noko positivt å kome med i eit slikt møte, seier han til NRK.