Hopp til innhold

Ingen spor etter innbrotsbølgja

Politiet i fylket ber folk om å melde frå om dei ser mistenkjelege personar eller bilar etter fleire innbrot i hus dei siste dagane.

Innbrudd

Politiet ber om tips frå publikum etter innbrotsraid.

Foto: Gerard Bezard, Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no / Photopqr/Republique Du Centre

Oddbjørn Solheim

Politistasjonssjef i Ålesund, Oddbjørn Solheim.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Det har vore innbrot i fleire hus på Sunnmøre, og på Nordmøre og i Romsdal har det vore fleire ransforsøk og innbrot.

Sist i går kveld vart det meldt om innbrot i eit bustadhus Tennfjord på Sunnmøre. Tjuvane braut seg inn gjennom eit vindauge og rota utover ein del i huset.

Politiet ser ikkje vekk frå at innbrotet kan ha ein samanheng med dei andre grove tjuveria den siste tida.

Set inn ressursar

Politiet prioriterer saka høgt, og ber om tips frå publikum.

– Vi har ingenting å gå etter i denne saka. Vi veit ikkje kor mange det er, om det er menn eller kvinner eller om dei kjem med bil eller båt, seier politistasjonssjef i Ålesund, Oddbjørn Solheim til Sunnmørsposten.

Politiet har sikra seg bilete av dei som truleg står bak ransforsøk og innbrot i Vestnes, Rensvik og Eidsvåg. Politiet seier at alle opplysningar og bilete frå overvakingskamera no blir samkøyrde.