Hopp til innhold

Ingen ny kontrakt etter bytur

Glenn Roberts har fått klar beskjed om at han er uønska i AaFK etter at han for andre gong har brutt avtalar med klubben om å halde seg edru og heime frå byen.

Video nsps_upload_2009_5_4_20_11_2_4610.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Glenn Roberts.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / SCANPIX

Ifølgje Sunnmørsposten fekk Glenn Roberts munnleg refs også i fjor haust etter ein nattleg tur på byen.

Vil ikkje stadfeste

Klubbdirektør Henrik Hoff vil likevel ikkje stadfeste at det er Roberts som har fått avskjedsbeskjeden.

– Eg kan stadfeste at ein av spelarane våre har fått ei skriftleg åtvarig, og at me også har gitt han beskjed om at me ønskjer å selgje han når vindauget opnar, seier Hoff til Sunnmørsposten på nett.

I fjor skreiv Vålerengaspelaren kontrakt med AaFK ut 2011-sesongen:

Roberts klar for AaFK

Klubben refsa fleire spelarar

Ifølgje Hoff har også seks - sju spelarar fått munnleg refs frå klubbleiinga.

- Me er inne i en knallhard kampperiode både for A-laget og 3. divisjonslaget, og då må me forvente at spelarane sørger for å leve slik dei skal, seier han til Sunnmørsposten.

Årsaka til at Roberts har fått den strengaste reaksjonen, skal vere at han vart observert ute ganske seint natt til søndag. Ifølgje avisa hadde spelarane fått beskjed om å kome seg heim innan midnatt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL