Hopp til innhold

Ikkje pengar til Molde og Ålesund

- Vi har ikkje pengar no til å byggje anna enn St. Olavs Hospital, seier styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg. Helsetillitsvalde i fylket har sendt brev til statsministeren om saka.

Kolbjørn Almlid
Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Byggefase 2 ved St. Olavs Hospital i Trondheim er blitt dyrare enn planlagt, og Helse Midt-Noreg må dekkje inn dette ved innsparingar på andre prosjekt. Akkurat no er det uvisst når barneavdelinga i Ålesund blir bygt, og det er også uvisst korleis det går med planlegginga av det nye sjukehuset i Molde.

- Har ikkje råd

Helseminister Sylvia Brustad sa i Stortingets spørjetime onsdag formiddag at ingenting er endra frå regjeringa si side - prioriteringane som Helse Midt-Noreg har gjort, står ved lag.

- Dette er prinsipielt rett, seier styreleiar Kolbjørn Almlid. - Men vi har ikkje pengar til å byggje anna enn St. Olavs Hospital no. Med dei pengane vi har i dag, kan vi ikkje love å byggje verken barneavdeling i Molde eller nytt sjukehus i Molde. Vi har alt ei så stor belastning både på investeringsbudsjettet og driftsbudsjettet at vi må sjå fram i tid for å få til desse prosjekta.

Trønder-ran?

- Ordet "trønder-ran" er blitt brukt om at St. Olavs Hospital reiser med pengar som skulle gått til prosjekt i Møre og Romsdal?

- Eg vil ikkje bruke eit slikt ord, svarar Almlid. - Mitt styre har fått i oppdrag å fullføre St. Olavs Hospital, og det skal vi gjere. Som regionsjukehus kjem det heile regionen til gode. Men det er klart at det belastar den totale investeringsramma, slik at det blir mindre til dei andre formåla i regionen.

Brev til statsministeren

Tillitsvalde i helseføretaka i Møre og Romsdal har onsdag sendt eit brev til statsministeren der dei minner om det han sjølv har sagt om barneavdelinga og det nye sjukehuset i eit lesarbrev i august. Dei peikar også på at både Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal har kontroll over økonomien, og ber om at han raskt avklarar kva syn regjeringa har.

Brev frå helsetillitsvalde til statsministeren

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL