Ikkje mistanke om noko kriminelt

Politiet har ikkje grunn til å tru at brannen ved utestaden Kick Off i Kristiansund i januar var påtent. – Vi undersøker no om brannen kan skuldast ein teknisk feil. Gjenstandar er sende inn til analyse og vi ventar på svar, seier Knut Endreseth til NRK. Han er seksjonssjef for etterforsking i Kristiansund.

Brann Comfort hotell i Kristiansund, uteplassen Kick Off
Foto: Roar Halten / NRK