Hopp til innhold

Hurtigruter ligg til kai i Molde

Hurtigrutene MS «Nordkapp» og MS «Trollfjord» ligg til kai i Molde på grunn av vêret. MS «Nordkapp» var på veg nordover, men kunne ikkje legge til kai i Ålesund tidlegare i dag på grunn av vêrforholda, og reiste difor vidare til Molde. Der kjem dei til å ligge til kai til i kveld, før dei tek opp igjen ruta til vanleg tid i kveld, opplyser Hurtigruta.

MS «Trollfjord» skal sørover, men også dei blei hindra frå å legge til i Ålesund tidlegare i dag, og ligg difor i Molde. MS «Trollfjord» går ikkje i passasjerrute og det er difor ingen passasjerar som blir råka av dette, opplyser Hurtigruta.

Hurtigrutene Nordkapp og Trollfjorden til Kai i Molde
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL