– Det er ein svært tung situasjon

I Geiranger blir julepynten plukka ned og det største hotellet stenger. I heile landet gjer overnattingsbedrifter det same for å unngå konkurs.

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger stenger for gjestar og veit ikkje kor tid dei kan opne att.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det skulle bli tidenes beste julebordssesong for Hotel Union Geiranger med fulle ordrebøker. Men pandemien sette ein stoppar for det. No er hotellgjestane sendt heim og dørene er stengt.

– Det er ein svært tung situasjon. Det blir ein lang vinter og stor uvisse, seier hotellsjef Sindre Mjelva. På denne tida av året jobbar det vanlegvis 75–80 personar på hjørnesteinsbedrifta.

Sindre Mjelva, Hotel Union Geiranger

Sindre Mjelva eig Hotel Union Geiranger. Han seier det er ein tøff situasjon for heile hotellbransjen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Pakkar bort julepynten

No blir julepynten plukka ned og hotellet stenger for ordinære gjestar. Sidan hotellet har status som beredskapshotell, må nokre tilsette bli verande att, i tilfelle det skjer noko.

Det tradisjonsrike hotellet i Geiranger har vore eigd av familien Mjelva sidan 1899.

– Vi veit at vi har bidratt til å skape familiar og eit samfunn. Vi er ikkje berre ei kommersiell bedrift. Det har vi arva frå våre forfedrar, seier Mjelva.

Han meiner det er avgjerande at krisepakkane frå styresmaktene blir forlenga. Ordningane varer ut februar.

Håper på ein god sommar

Aud Melås

Aud Melås er eigar og dagleg leiar av Flåmsbrygga hotell. Ho håper på ein god sommar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Flåm er situasjonen likeins. Der stenger Flåmsbrygga hotell frå midten av desember til påske.

– Vi skal overleve, men problemet er at vi ikkje veit kor lenge vi kan stå i det. Vi håper vi får ein god sommar, seier Aud Melås. Ho er eigar og dagleg leiar av Flåmsbrygga hotell.

Også Hardangerfjord Hotel i Øystese og Hotel Ullensvang i Hardanger har stengt.

Stenger for å unngå konkurs

Kristin Krohn Devold NHO Reiseliv

Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier at hotell og restaurantar i heile landet har vald å stenge heilt.

Foto: Per Sollermann / NHO Reiseliv

Ifylgje NHO har mange hotell og restaurantar både i storbyane og i distrikta valt å stenge heilt.

– Det er nettopp for å unngå konkurs at dei stenger for å permitterer folk og spare kostnader, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Ho opplever at mange av dei minste bedriftene synest det er vanskeleg å oppdatere seg på kva støtteordningar dei kan søke på. Dei kan søke kontantstøtte, utvida lånegarantiordning i banken og be om å utsette skatt og avgifter.

– Det er ei grense for kor lenge ei bedrift kan klare seg utan inntekter. Det er difor det er så viktig å bli kvitt koronaen fort, seier Devold. I ei undersøking fortel reiselivsbedriftene om mange permitteringar, fare for oppseiingar og stor frykt for konkurs.

Lenge til normal drift

I Geiranger aner ikkje hotelldirektør Sindre Mjelva kva tid hotellet kan opne att. Han håper det ikkje er for lenge til, med tanke på vaksinen som snart er på plass.

– Vi veit at det kjem sommar og vi veit at vi får gjestar då, men det blir nok lenge til normal drift slik vi kjenner det, trur Mjelva.

Vi gjer merksame på at nokre av hotella i Geiranger framleis held ope. Ei setning i teksten er endra i tråd med det.