Hopp til innhold

Stadig fleire stengde hotellrom

Den pågåande hotellstreiken byrjar no å gi seg utslag i stadig færre overnattingsmoglegheiter.

Stengde dører

Hundrevis av hotellrom er alt stengde og framover vert det fleire stengde dører.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Fleire hotell i Møre og Romsdal har eller skal snart stenge heilt for overnattande. Laurdag gjekk nær 400 tilsette ved hotell, restaurantar og kantiner i fylket ut i streik.

Quality Ulstein Hotel stengde for overnattande søndag. I følgje Sunnmørsposten stengjer Thon Hotel Ålesund sine 106 rom på onsdag medan Scandic Parken Hotell i Ålesund stenger dørene på fredag.

LES OGSÅ: No streikar 400 hotell- og restauranttilsette i fylket

Tek ein dag om gongen

Ved Scandic Seilet i Molde er det 55 rom som er stengde no, dei har vore stengde sidan laurdag, då streiken begynte her i fylket.

Distriktsdirektør Gry Eriksen seier:

Distriktsredaktør i Scandic Gry Eriksen

Distriktsredaktør i Scandic, Gry Eriksen.

Foto: Privat

– Vi er i ei kartleggingsfase no, vi tek ein dag av gangen, men vi må gjere enkelte driftstilpasningar: redusere romkapasitet, og gjerne ha noko enklare bespisning, seier ho.

– Kan det bli fleire stengde rom?

– Det kan skje, vi tek ein dag av gangen og ser kva for ressursar vi har, seier ho.

God stemning blant dei streikande

Utanfor Scanic Parken Hotell i Ålesund sit det streikevakter frå morgon til kveld. Jeanette Simonsen er ei av dei. Og ho synest det er heilt greitt å sitte utanfor hotellet.

Jeanette Simonsen er streikevakt ved Scandic Parken Hotell i Ålesund.

Jeanette Simonsen er streikevakt ved Scandic Parken Hotell i Ålesund.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det er berre koseleg å sitte her å vere streikevakt. Folk som går forbi er berre hyggelege og støttande, seier ho smilande.

Men ho synest ikkje det er kjekt at hotellet frå i morgon, onsdag, av ikkje tek imot fleire gjestar.

– Det synest eg er veldig trist. Eg skulle gjerne ønskje at streiken var over og vi kunne kome oss tilbake i vanleg jobb.

Fryktar langvarig streik

Situasjonen mange stadar er at ein del av dei tilsette er i streik. Men ikkje alle. Konsekvensen er ofte redusert drift.

Jon Arild Birkeland

Direktør Jon Arild Birkeland ved Angvik Gamle Handelsted

Foto: NRK

Angvik Gamle Handelsted har 37 rom. No er fire av dei tilsette i streik og direktør Jon Arild Birkeland fortel at det får konsekvensar:

– Vi har litt redusert drift. Då streiken starta, stoppa vi bookinga 14 dagar fram i tid, for å konsentrere oss om å levere til dei som allereie har bestilt. For augneblinken avgrensar vi det til det, og gjer så godt vi kan for dei gjestane.

Fryktar du langvarig streik?

– Ja, det gjer eg vel. Det verste som kan skje på lang sikt er jo at dette svekker renommeet til reiselivet i Norge, når vi begynner å nærme oss turistsesong. Så eg håper jo det ikkje blir langvarig, men eg fryktar det, seier Jon Arild Birkeland til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Geiranger med Geirangerfjorden ein vinterdag med blå himmel og blikkstille fjord.

Nær 15.000 har søkt om å få bu gratis her: – Heilt spinnvilt